HALVE HÅRET VEKKE: Rebekka Brun Vigdal ville donera håret til ein god sak.
HALVE HÅRET VEKKE: Rebekka Brun Vigdal ville donera håret til ein god sak. (Foto: Privat )

Rebekka (15) klypte av halve håret og donerte det til ei god sak

Hår som blir donert vekk blir ofte laga om til parykkar til menneske råka av kreft.

Luster: – Dei treng håret meir enn eg gjer, seier Rebekka Brun Vigdal på 15 år. 

Ho har alltid hatt langt, fyldig og tjukt hår. No har ho klypt vekk halve.

– Eg har nok hår på hovudet, og det veks no alltids ut att, seier ho. 

Les òg: Fletta hår til inntekt for Kreftforeningen.

Må oppfylle kriteria for å få donera hår

Då Rebekka sette seg i frisørstolen til Janne Eide hjå Pyramiden Frisør i Gaupne, hadde ho meir enn 80 centimeter langt hår. 

– Eg delte håret til Rebekka i mindre delar, og klypte over 30 centimeter, seier Eide. 

FØR: Håret til Rebekka før klyppen. Foto: Privat

Ho fortel at det er visse kriteria hår som blir donert må fylla før det kan bli donert.

– Det skal ikkje vera kjemisk behandla, og så må ein klyppe minst 20 centimeter for at det skal kunne bli brukt. 

– Eit heilt fantastisk hår 

Som oftast blir ikkje alt håret folk donerar til parykk åleine. 

– Håret blir ofte brukt som effektar og striper i parykkane. Rebekka har ganske tjukt hår så kanskje blir meir av hennar brukt enn det som er vanleg. 

Eide er overvelda av håret til tenåringsjenta. 

– Ho har verdas beste hår. I tillegg til å ha tjukke hårstrå har ho ein stor mengde hår i tillegg.

Rebekka på si side tykte det var godt å bli kvitt nokre gram med hår.

– Eg saknar det ikkje, og følte at det blei lettare på hovudet utan alt håret, seier ho med eit smil. 

Oppmodar fleire til å donera hår 

Frisør Eide sender håret til Rebekka i posten heilt til Oslo. Der går det til Apollo Hårsenter som spesialiserar seg på hårtap uansett årsak. 

ETTER: Rebekka har fortsatt mykje hår att, sjølv etter doneringa. Foto: Privat

– Me har hatt 4-5 jenter siste året som har donert. Det skapar litt smitteeffekt trur eg. Eg tenkjer at viss unge jenter med langt hår fyrst skal klyppe ein del så kan dei ta 20 centimeter i staden for 10. Då kan me donera det. 

No oppmodar òg Rebekka andre jenter med langt hår til å gjere det same. 

– Du gjer det for ei god sak og støttar. Eg vil gjerne spara og støtta atter ein gong, men det vil nok ta litt tid før det veks ut så pass mykje som det var no.

Les òg: Byta ut tv-seriar med hårfletting.

Til toppen