Rebuslaupet vart ein suksess

Det var godt oppmøte på Utladalen Camping laurdag då det vart arrangert rebusløp for årdølene.

  • Endret

Laurdag formiddag vart det arrangert rebuslaup og fest for innbyggjarane i Årdal på Utladalen Camping. Det vart godt oppmøte og både vaksne og unge fekk prøva seg på dei forskjellige stasjonane som var satt opp. 

Kristoffer Nystedt som frå juli tok over drifta av campingen var godt nøgd med oppmøtet og glad for at så mange valte å ta turen innom arrangementet. 

Forskjellige postar

Langs løypa under rebuslaupet var det heile elleve forskjellige postar der både foreldre og born fekk noko å bryna seg på. Blant anna kunne dei som gjekk få prøva seg på quiz om Utladalen, gjette vekta på krukker med varierande innhald og springa med egg på skei over trestokkar. 

Men Kristoffer hadde meir å by på enn berre rebuslaup. Det vart musikalske innslag, og det blei servert god mat. Arrangementet var ikkje duka for noko førteneste eller vinning, men for innbyggerane i Årdal.

– Eg er veldig fornøgd men eg har jobba så hardt for å få rammane på plass, og no føler eg at dei er hundre prosent, seier Kristoffer. 

Høgdepunktet på kvelden

Sjølv om rebuslaupet var ein stor suksess med mange påmelde, forsikrar Kristoffer om at høgdepunktet kjem på kvelden. 

Når kveldsmørket i Utladalen senkar seg, vil arrangørane belysa heile området bak og rundt lavoen som er satt opp på området med flomlys. Kristoffer og medhjelparane har testa det og kan garantera at det blir ein vakker oppleving for alle som kjem for å sjå.

– Det kjem til å bli ein skikkeleg mystisk og litt gotisk stemning der me lysar opp dalen. Det kjem til å verta heilt rått, smilar Kristoffer.

Vidare på kvelden er det gjort klar for fest i lavvoen der det er 18-års grense. Faklar kjem til å bli tent utanfor som kjem til å lysa vegen inn mot lavoen. Dagen er satt opp slik at dagtida er for barn og familie medan kvelden blir mest for dei vaksne.

Glad i Årdal

Kristoffer har ein lidenskap for fjellsport og legg ikkje på skjul kva han meiner om bygda.

– Eg elskar Årdal. Det finst ikkje ein einaste plass i Noreg der naturopplevelsane er så komprimerte som i Årdal. Så det å gjera plassen om til eit Turist-Eldorado burde vera noko me bør få til, seier han.

Til toppen