GLADE DAGAR: Biletet er tatt i samband med pressemeldinga om at Tone Gullaksen vart tilsett i redaktørstillinga. No er det full strid i den nylanserte nettavisa i Trondheim.
GLADE DAGAR: Biletet er tatt i samband med pressemeldinga om at Tone Gullaksen vart tilsett i redaktørstillinga. No er det full strid i den nylanserte nettavisa i Trondheim. (Bilde: Pressefoto)

Redaktøren hamna i konflikt med eigaren berre veker etter lanseringa

Redaktør Tone Gullaksen frå Årdal skuldar arbeidsgjevaren for å blande seg inn i det redaksjonelle arbeidet.

Trondheim: Berre eit par veker etter lanseringa er nettavisa Trondheimsnytt.no i fullt kaos og nettsida nede. Årsaka er ei konflikt mellom redaktør Tone Gullaksen frå Årdal og Snorre Vikdal, eigar og styreleiar i Nidaros Media, selskapet som står bak nettavisa.

– Eg har hatt en arbeidsgjevar som gjentekne gongar har blanda seg inn i det redaksjonelle. Det er noko eg sjølvsagt ikkje kan finna meg i. I juli såg eg meg nøydd til å kontakta redaktørforeininga og blei då henvist til advokat. Sidan då har me prøvd å finna ei løysing på denne saka, seier Gullaksen til Nea Radio.

Onsdag sende selskapet som eig nettaviskonseptet ut ei pressemelding der dei opplyste at dei har sagt opp avtalen med Nidaros Media. Grunngjevinga var nettopp innblandinga frå styreleiaren, som dei opplevde var i strid med redaktørplakaten.

– Det mener eg at eg ikkje har gjort. Samtidig kan eg ha gjort feil. Eg er fysioterapeut og ikkje mediemann. Men vi har etablert køyrereglar. Meir kan eg ikkje seie om dette, då det er ei personalsak, sier Vikdal til Trondheim24.no.

Til nettavisa seier han at dei vurderer å ta saka til retten.

Til toppen