UNATURLEG: Aleksander Øren Heen (SP) meiner noko anna enn nynorsk som administrasjonsspråk mellom fjord og fjell på vestlandet vil vera unaturleg. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes 

Redd nynorsken kan forvitra

Om bokmål blir språket for den nye vestlandsregionen kjem nynorsken til å tapa ytterlegare terreng, fryktar både politikarar og Noregs Mållag.

– Det er sjølvsagt at språket i ein eventuell ny vestlandsregion skal vera nynorsk, seier Aleksander Øren Heen, som sit i fylkestinget for Senterpartiet.

Ei av konfliktlinjene etter at intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland blei signert torsdag, er kva sprak den nye regionen skal administrerast i.

Tre av 85 kommunar har bokmålsvedtak 

Medan heile Sogn og Fjordane nyttar nynorsk, er bokmål dominerande i Rogaland.

– Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vera hovudspråket, sa fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal til NRK.

Hordaland står i ein mellomposisjon med hovudsakleg nynorskkommunar. I Bergen er bokmål dominerande, men nokre bydelar nyttar nynorsk.

Ser ein på antal kommunar som nyttar nynorsk i høve bokmål, burde valet vera enkelt: 67 av 85 kommunar i den gryande regionen har nynorsk språkvedtak, 15 er nøytrale og tre er bokmålskommunar,

– Eit av argumenta for vestlandsregion er at vi skal vere ei motmakt mot Oslo-makta, og når ein ikkje då torer å retta ryggen å skriva nynorsken, så vert ikkje motmakt-argumentet særleg sterkt i mine augo, seier Jakob Andre Sandal, fylkestingsrepresentant for Sogn og Fjordane SV i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under biletet

FEIL: SV meiner ein ny vestlandsregion utan nynorsk fører til at mistar brodd som motmakt til Oslo. Listetopp Jakob Andre Sandal (t.v.), Kirsti Eklund og fylkesleiar Vibeke Johnsen,  her på stand i Øvre Årdal. Arkivfoto
FEIL: SV meiner ein ny vestlandsregion utan nynorsk fører til at mistar brodd som motmakt til Oslo. Listetopp Jakob Andre Sandal (t.v.), Kirsti Eklund og fylkesleiar Vibeke Johnsen,  her på stand i Øvre Årdal. Arkivfoto

– Språkbruk avlar språkbruk

Mållaget godtek ikkje noko anna enn at den nye Vestlandsregionen vert administrert på nynorsk.

BEKYMRA: Leiar for Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Arkivfoto
BEKYMRA: Leiar for Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Arkivfoto

– Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Fylkeskommunen og ein eventuell ny region er ein massiv nynorsk skriftspråkprodusent.  Språkbruk avlar språkbruk, og dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Øren Heen i Senterpartiet er inne på det same:

– Nynorsken kan forvitra om ein eventuell stor vestlandsregion vel bokmål. Det skjer ikkje over natta, men over tid.

Til toppen