EINASTE UTVEG: Hilmar Høl meiner Fylkeskommunen til slutt ikkje hadde anna val enn å selja aksjane sine i Fjord1 til Havila, men at han er nøgd med tankane konsernsjefen i det som ser ut til å bli den nye majoritetseigaren la fram for Fylkesutvalet i dag. Arkivfoto
EINASTE UTVEG: Hilmar Høl meiner Fylkeskommunen til slutt ikkje hadde anna val enn å selja aksjane sine i Fjord1 til Havila, men at han er nøgd med tankane konsernsjefen i det som ser ut til å bli den nye majoritetseigaren la fram for Fylkesutvalet i dag. Arkivfoto

– Redda av gongongen

Hilmar Høl (AP) meiner fylkeskommunen vart trengde opp i eit hjørne, men at andre gongs forsøk på å selja seg ut av Fjord1 vil gå gjennom Konkurransetilsynet.

Sogn og Fjordane: – Frå Ap si side skulle me gjerne ha vore eigar av Fjord1 til evig tid, men ingenting varar inn i evigheita. Me hadde eigentleg ikkje noko anna val enn å gå inn for denne avtalen med ei mogleg rettssak hengjande over oss, seier Hilmar Høl (AP) til Porten på tur tilbake frå møtet i Fylkesutvalet på Flesland.

Les også: Fylkesutvalet samrøystes om sal til Havila

Det har vore høg sjø på reisa sidan Fylkeskommunen i november vedtok å selja aksjane sine i Fjord1 til Torghatten. Mannskapet beståande av dei ulike fylkespartia har krangla og vore ueinige om destinasjonen. Med 16 mot 15 stemmer i ryggen sette likevel ferja kursen mot Torghatten med fylkesordførar Jenny Følling (SP) bak roret.

Men ferja gjekk på skjer. Konkurransetilsynet stoppa salet fordi det ville føra til for lite konkurranse på ferjemarknaden i Noreg. Kapteinen og det knappet fleirtalet som styrde i retning Torghatten uttrykte overrasking. Øvrig mannskap meinte radaren hadde avdekt skjeret for lenge sidan.

Mannskapet på søsterferja Havila vaka heile vegen rundt i vatnet med ei varsla rettssak fordi dei meinte Aksjelova gav dei - som minorotetseigar - forkjøpsrett framfor Torghatten. Men kaptein Per Sævik på Havila fekk alle kort på handa ved grunnstøytinga.

– God bodskap

– Det er noko som heiter "å bli redda av gongongen", kommenterer Høl og siktar til Konkurransetilsynet sin stoppar for salet til Torghatten.

For med Torghatten ute av spel var mannskapet frå fylkeskommunen sin einaste moglegheit å hoppa på Havilaferja og lata dei ta styringa, meiner Høl. Vidare at dette i same slengen gjer at ein går klar av ei potensielt lang og dyr rettssak.

Det som no ser ut til å bli den nye kapteinen, Per Sævik, presenterte seg under møtet i Fylkesutvalet i dag.

– Han kom med ein god bodskap. Både fordi han er interessert i å få aktørar frå regionen med på laget, og fordi me fekk inn formuleringar i avtalen som styrkjer at hovudkontoret skal liggja i Florø i framtida. Eg har tillit til det han framførde, seier Høl.

– Oppteken av klima- og miljøpolitikk

– Var det eigentleg den varsla rettssaka frå Sævik som gjorde at utfallet vart som det vart?

– Ikkje berre det, Havila har vore ein god eigar i mindretal.

 – Men ein må vel kunne seia at fylkeskommunen var trengde opp i eit hjørnet med kombinasjonen av at Konkurransetilsynet stoppa salet til Torghatten og den varsla rettssaka frå Havila?

– Det er korrekt som du seier der. Men Sævik har vore raus og gir ein god pris. Han er også oppteken av klima- og miljøpolitikk og vil møta det grøne skiftet. Då trengst kapital og der kjem dette med regionale aktørar inn. 

– Er det fare for at også dette forsøket på å selja Fjord1 kan bli stoppa av Konkurransetilsynet?

– Det trur eg ikkje. Konkurransetilsynet stoppa salet til Torghatten fordi ein ville gå frå å ha fire til å få tre aktørar på ferjemarknaden. Slik blir det ikkje med eit sal til Havila.

Til toppen