Aurland: Årsaka er at éin person i eit turfølge på fem, ikkje kjem seg vidare.
Vedkomande skal ikkje vera skadd og har kjent posisjon, men treng å bli berga. Redningshelikopter er på veg til staden.
Personane skal befinna seg i Skårsgalden i Vassbygdi.
Politiet melder at redningsaksjonen vart starta klokka 18:40.
Klokka 21:47 melder politiet at redningshelikopter på staden, og har lokalisert dei nødstedte.
To personar firast inn i helikopteret, medan dei tre andre går ned frå fjellet sjølv.