POLITI: Ein person i fekk bot i Aurland kommune på onsdag.
POLITI: Ein person i fekk bot i Aurland kommune på onsdag. (Foto: Arkiv)

POLITIVEKA

Redningsaksjon i Jotunheimen og trafikkulukke i Sogndal

Les kva politiet har teke seg av denne veka.

Indre Sogn: Simen Brænd, politibetjent ved Sogndal lensmanssonkontor, fortel at det einaste som har utmerka seg denne veka er snøskred. Han seier det er viktig at folk tek førehandsreglar. 

– Dersom ein utløyser eller ser eit snøskred, er det fint om folk ringjer politiet og gjer beskjed, slik at me får loggført det, seier Brænd. 

Slik var politiveka: 

Måndag: Det vart utløyst eit snøskred ved Keisarpasset på Fanaråken i Jotunheimen. Ingen personar vart tekne i skredet. 

OPPMODING: Simen Brænd, politibetjent ved Sogndal lensmannskontor oppmodar sogningane til å varsle politiet dersom dei utløyser eller ser eit snøskred. Foto: Arkiv

Tysdag: Natt til tysdag fekk politiet melding om mykje støy frå russen i Sogndal. Politiet rykte ikkje ut. 

Tysdag: Redningsaksjon for å berga fire personar som ikkje kom seg ned frå Fanaråken i Jotunheimen. Meldinga kom i 12-tiden på føremiddagen og klokka 15:00 var alle fire henta av helikopter i god behold. 

Tysdag: To bilar var involverte i ei trafikkulukke på Kjørnes like før klokka 17:00. Ein av dei involverte vart sendt på sjukehus for sjekk. Politiet rykte ut og har oppretta sak på ulukka. 

Onsdag: Trafikkontroll i Aurland med fokus på fart onsdag føremiddag. Ein person fekk bot. 

Onsdag: Trafikkontroll i Årdal med fokus på mobilbruk og dokumentkontroll. Ingen reaksjonar. 

Onsdag: Politiet fekk klage på støy frå ein vannscooter i Sogndal på ettermiddagen. Politiet rykte ikkje ut. 

Torsdag: Natt til torsdag fekk politiet ein ny klagemelding på støy frå russ i Songdal. Ingen utrykning. 

Fredag: Ras på fylkesveg 5637 mellom Skjolden og Ornes fredag kveld. Vegen er midlertidig stengd og det vert gjennomført søk i raset laurdag morgon. 

Til toppen