Luster: Ein turguide har smerter i ryggen og vanskar for å gå etter å ha blitt truffen av stein. Guiden har med seg to personar i følgjet.
Redningsmannskapen er kjent med posisjonen til følgjet. Det er noko tåke i området.
Ein patrulje frå Sogndal er sendt i retning Turtagrø. HRS sendte redningshelikopter frå Florø. Helikopteret landa på Turtagrø ca. klokka 17.30 etter ein runde over det aktuelle området.
Politiet melder om ein del tåke i fjellheimen. Siste melding er at helikopteret har satt av klatrarar der, som vil ta seg fram til turfølget.
Politiet fekk melding om hendinga like før 12.00.