Høyanger: – Me har gode tenester og enn så lenge gode inntekter. Men ting er i endring og me må møte framtida betre. Me kan ikkje berre auke og auke, sa rådmann Kjellaug Ekse Brekkhus då administrasjonen i Høyanger kommune presenterte forslaget til budsjett og økonomiplan for 2020–2023 for politikarane tysdag.

Reduserer i alle tenesteområda for å få budsjettet i balanse, ordføraren: – Det vert tøffe tak
Nedgang i folketalet og mykje investeringar gjer at rådmannen legg opp til å bruke 3,2 millionar av fond for å få budsjettet i balanse i Høyanger. Det er ikkje berekraftig på sikt.