REDUKSJON: Endring av berekningsmetode fører til ein gjennomsnittleg reduksjon i skattegrunnlaget på mellom 30 og 40 prosent for eigedommar med kommunal takst i Sogndal. Illustrasjonsfoto
REDUKSJON: Endring av berekningsmetode fører til ein gjennomsnittleg reduksjon i skattegrunnlaget på mellom 30 og 40 prosent for eigedommar med kommunal takst i Sogndal. Illustrasjonsfoto

Reduserer skattegrunnlaget med 30-40 prosent

Ved takseringa av visse typar eigedommar i Sogndal i mars vart skattenivået for høgt. Ny metode er no brukt og dermed vart skattegrunnlaget kraftig redusert. 

Sogndal: – Ved førre taksering - i mars 2016 - såg vi at skattenivået vart for høgt. Etter ny takseringsmetode no i juli viser sakkunnig nemnd sine vedtekne takstar at skattegrunnlaget er redusert med 30 til 40 prosent i snitt, opplyser fungerande rådmann i Sogndal kommune, Marit Hagevik

Eigedomsskatten for eigedommar med kommunal takst vart lagd ut til ettersyn 1.mars og genererte over 500 klagar på takstane. Det vart då nytta ein metode bygd på skjønnsmessig vurdering av kvar eigedom.

Bygd på faktaopplysningar om kvadratmeterpris

I mai gjorde sakkunnig nemnd vedtak om å gå vekk frå metoden med skjønnsmessig vurdering og gå over til takst bygd på faktaopplysningar om eigedomane. Denne metoden er no nytta, og fører altså til ein gjennomsnittleg reduksjon i skattegrunnlaget på mellom 30 og 40 prosent.

– Metoden som no vert nytta er i tråd med den som blei nytta i førre periode (2005-2015, red.anm.), med oppjusterte einings- og kvadratmeterprisar. Dette gjer det lettare for skatteytar å kontrollere den utskrevne taksten - og lettare for nemnda å sikre lik handsaming av like skatteobjekt, opplyser Hagevik. 

Kort fortalt går denne metoden ut på at skattegrunnlaget byggjer på faktaopplysningar om kvadratmeterpris fastsett av sakkunnig nemnd og bruk av ulike typar reduksjonsfaktorar for ulike typar bygg. Ein reduksjonsfaktor for bustadeigedomar og fritidsbustader er til dømes alder og geografisk plassering.

Frå 21 prosent til 58 prosent for ulike kategoriar bygningar

I høve takseringa som vart gjort ved skjønnsmessig vurdering  i mars fører den nye metoden bygd på faktaopplysningar altså til vesentlege reduksjonar i skattegrunnlaget. For dei ulike kategoriane eigedomar blir reduksjonen i snitt som følgjer:

  • Bustadeigedom redusert med 21 prosent
  • Fritidsbustad redusert med 32 prosent
  • Næringseigedomar redusert med 30 prosent
  • Våningshus redusert med 58 prosent

Dette får ikkje noko å seia for skatteinngangen for kommunen i høve førre takseringsperiode - frå 2005 til 2015 - forklarar Hagevik:

– Reduksjonen må berre sjåast i høve førre taksering, i mars 2016, og ikkje i samanheng med kommunen sin skatteinngang.

– Det er jo temmeleg stort sprik mellom skattegrunnlaget ein kom fram til ved skjønnsmessig vurdering i mars kontra ved faktaopplysningar no i juli. Det må vel bety at metoden med skjønnsmessig vurdering slo uheldig ut?

– Metoden med skjønnsmessig vurdering slo noko uheldig ut sett i eit heilskapeleg perspektiv. 

 

Til toppen