FERJESAMBANDET: Ikkje gode nyheiter for dei som vil over fjorden fredag morgon.
FERJESAMBANDET: Ikkje gode nyheiter for dei som vil over fjorden fredag morgon. (Foto: Arkiv)

Redusert kapasitet på ferjesambandet Oppedal-Lavik. Ny rute ute av drift.

Klokka ti er rute C ute av drift.

Klokka 07:19 fredag morgon melder Statens vegvesen på Twitter at ferjesambandet E39 Oppedal-Lavik er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.
 
20 minutt seinare, klokka 07:40, opplyser dei om at det er redusert kapasitet på sambandet. Rute B vil gå frå Lavik klokka 09:00. 
 
Klokka 10 same dag melder Vegtrafikksentralen at rute C er ute av drift. Dei to andre går som normalt.
 
Det er andre gong på få timar at det har vore trøbbel på strekninga. 
 
Like før klokka 03:00 i natt meldte Norled om at sambandet var innstilt grunna tekniske problem. Neste oppstart var då frå Oppedal klokka 04:00 fredag morgon.
Til toppen