REDUSERT SIKT: Slik ser det ut på Tyinosen måndag føremiddag. Vegen er open, men det er redusert sikt enkelte stader, skriv Statens vegvesen. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
REDUSERT SIKT: Slik ser det ut på Tyinosen måndag føremiddag. Vegen er open, men det er redusert sikt enkelte stader, skriv Statens vegvesen. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Redusert sikt, men fjella er opne

Over natta kom det mykje snø i fylket, men førebels er fjellovergangane opne.

Årdal/Lærdal: Mange vakna til mykje snø måndag morgon, og enkelte stader i fylket har det kome opp mot 30-40 centimeter med snø.

I Årdal kom det omtrent ti centimeter i løpet av natta, noko som gav brøytemannskap både på lokale og meir sentrale vegar mykje arbeid i morgontimane.

Heldigvis har ikkje dette skapt noko problem på fjellovergangane. Filefjell, Hemsedalsfjellet og Tyin-Årdal er alle opne måndag føremiddag.

Men Vegvesenet melder i sin vegmeldingar at det er frisk bris på desse vegane, noko som kan gi redusert sikt enkelte stader. 

Til toppen