REDUSERT STANDARD: Over 20 000 syklistar syklar Rallarvegen kvar sommar. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK
REDUSERT STANDARD: Over 20 000 syklistar syklar Rallarvegen kvar sommar. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK

Redusert standard og anleggsarbeid på Rallarvegen

Rallarvegen langs Bergensbanen har fått skadar etter vinteren og må utbetrast fleire stader. Bane NOR oppmodar syklistar til å ta det roleg for å unngå ulukker.

Aurland: Rallarvegen vart bygd som anleggsveg då arbeidet med Bergensbanen tok til i 1894. I dag er den eit viktig kulturminne og ein populær sykkelveg med over 20.000 gjestar kvart år.

– Strekninga mellom Hallingskeid og Myrdal er bar for snø no, men nokre plassar i så dårleg stand at vi vil oppmoda til å gå av og trilla sykkelen av omsyn til eigen tryggleik. Dette gjeld særleg ved Kleivagjelet, der vegen er utvaska av nedbør og snøsmelting, seier prosjektleiar Ketil Thorsen i Bane NOR i ei pressemelding.

Det ligg framleis mykje snø mellom Finse og Hallingskeid, og her er vegen ikkje køyrbar før seinare i sommar.

Bane NOR har ansvar for å vedlikehalde Rallarvegen mellom Finse og Myrdal.

– I sommar skal vi rette opp murar og fylla på masse fleire stader der vegen er skada. Vi håpar på forståing for at det kan vere vanskeleg å koma forbi arbeidsmaskiner, og vil berre minna om å tenkje på tryggleiken. Ta det roleg, så får du ein flott og trygg tur på Rallarvegen, seier Thorsen.

Vegarbeidet vil vare gjennom heile sommaren og hausten, med ein pause i siste del av juli.

Til toppen