VEDLIKEHALD: Dugnad høgt til himmels under vedlikehald av den freda låven på Kaupanger Hovedgård. Privat foto
VEDLIKEHALD: Dugnad høgt til himmels under vedlikehald av den freda låven på Kaupanger Hovedgård. Privat foto

MEININGAR

Refleksjonar om myter og fakta om kulturminne

Det er prisverdig og interessant at Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur, set fokus på kulturminne og deira samfunnsverdi. Men synspunkta hans på myter som gjer at kulturminne går tapt og at kulturminne vert jamstilt med problem, gjev òg rom for nokre refleksjonar. 

Litt om meg sjølv: På den eine sida er eg eigar av ei rekkje freda og bevaringsverdige kulturminne som eg etter beste evne forsøker å skjøtte og halde ved like. På den andre sida driv eg med næringsutvikling, og forsøker å utvikle dei delane av eigedomen som er eigna til dette. For å skjøtte dei verneverdige kulturminna eg har ansvar for, er denne typen næringsutvikling heilt naudsynt.

Heggheim har heilt rett i at kulturminna fortel mykje om oss sjølve. Omtanke, eller somme tider mangel på omtanke, når det gjeld bevaring og formidling av kulturminna, fortel òg kva respekt vi har for dei som har levd før oss. Kva vilje vi har til å ivareta kulturminne fortel òg om kva vilje vi har til å lære av forhistoria. Dette er sentrale tema i all kulturminneforvalting.

Men der Heggheim vel å rette peikefingeren mot korleis «du og eg» behandlar eller respekterer kulturminna, vil eg heller rette fokus på korleis kulturminneforvaltinga utøver si myndigheit. Går forvaltinga føre som eit godt eksempel eller bidreg forvaltinga sjølv til den mytebygginga Heggheim er oppteken av? 

I min røyndom er folk flest lovlydige og har stor respekt for kulturminnelova. Interessa for forhistoria er òg gjennomgåande stor, noko som er tydeleg når musea arrangerer opne dagar under arkeologiske utgravingar. Når straffbare forhold vert avdekt, er det eit like stort problem at korkje kulturminneforvaltinga eller politiet følgjer opp politimeldingar. Straffenivået er i tillegg alt for lågt. Både saka i Byrkjelo, som har vore omtale i media den siste tida, og den offentlege vandaliseringa av runesteinen i Sogndal kom partane godt ut av det. I saka om runesteinen var det til og med forvaltinga som dekte brorparten av kostnadane med bevaring og formidling av runesteinen i etterkant. I Kaupanger veit eg til dømes om fire ulike saker der kommunen har brote kulturminnelova. I alle tilfella har kulturavdelinga vore varsla, utan at det har medført reaksjonar.

I kva grad følgjer forvaltinga opp ansvaret forvaltinga har. Og om dei ikkje følgjer opp ansvaret, kva konsekvensar har det fått? Kaupanger Hovedgård hadde sidan 2008 nært samarbeid med verksemda Knaken, som er eigd av to arkeologar, og tufta på formidling av den eineståande historia til Kaupanger. I fleire år var Knaken òg besøkssenter for stavkyrkja i Kaupanger. Etter at Knaken overtok ansvaret fekk stavkyrkja utmerkinga «Center of excellence» av Tripadvisor. Verksemda var utvilsamt eit godt døme på korleis det er mogleg å skape næring ut av kulturminna på deira eigne premissar. Ein skulle tru at fylket som har eiga verdiskapingsplan for kulturminne ville sjå det positive i ein slik verksemd. Korleis klarte likevel kulturavdelinga å drive så slett saksbehandling at Knaken vart tvungen til å legge ned reiselivsverksemda? Ser vi på medieomtalen saka fekk i 2016, er det ikkje utenkeleg at konsekvensen for kulturavdelinga var tap av omdømme og generell mistru til avdelinga som fageining.

Like alvorleg er det kanskje at kulturminneforvaltinga ikkje praktiserer lik handsaming av kulturminnelova alt etter om det er private eller dei sjølve som må dekke kostnadar knytt til arkeologiske registreringar eller utgravingar. Etter at Riksantikvaren nekta å ta kostnadane i samband med eit mindre arkeologisk tiltak på Kaupanger Hovedgård (ved slike tiltak er det forvaltinga sjølve som dekker kostnadane), har eg venta sidan 2015 på at kulturavdelinga skal kome opp med ei anna løysing. Meiner Heggheim at dette innanfor reglane og høyringsfristane i plan- og bygningslova og kulturminnelova? 

Forvaltinga driv heller ikkje lik handsaming av innmeldte sakar. Trass brev om at fylket sine arkeologar skulle registrere eit mindre område i Kaupanger så snart snøen og telen var forsvunnen, fekk eg beskjed om at registreringa måtte «takast innimellom dei større sakene». Praktiserer ikkje fylket rekkjefølgjeorden i sakshandsaminga? Eller er det slik at dei nedprioriterer nokre saker til fordel for større arbeid? Mi sak omhandlar rydding av eit mogleg stølsområde til slåttemark. Manglande sakshandsaming kan ha medført at eg ikkje får slått området i år. Landbruk, som ein av fylkets sin viktigaste næringar, tykkjest å ha vanskelege kår.

Alvorleg er det òg at forvaltinga heller ikkje har kontroll på sitt eiga regelverk. For nokre år sidan vart eg i samband med ein arkeologisk utgraving  overfakturert med om 100 000,- frå Bergen Museum. Ut frå kulturminnelova var det ikkje tvil om at eg urettvist vart forsøkt belasta for kostnadar ved utgravinga. Etter å ha påpeikt dette fekk eg tilbakebetalt beløpet etter fire år (utan rentar). Det kan difor være gode grunnar til å sjå nærare båe på forvaltinga sin budsjetteringspraksis og på korleis ein reknar ut kostnadane ved utgravingar. 

Heggheim skriv òg litt om folk si redsle for å dra på seg kostnadar dersom dei melder inn funn. Røynsla mi er at det er heller vanskeleg å få forvaltinga til å registrere innmeldte kulturminne. Då Kaupanger Hovedgård for nokre år sidan melde inn fleire potensielle kulturminne til kulturavdelinga i fylket, nekta dei å komme for å registrere dei, sjølv om dette er ei lovpålagt oppgåve.

Noko av problemet er openbart at kulturavdelinga i fylket er kronisk underfinansiert og underbemanna. I tildelingsbreva frå Riksantikvaren er gjennomgangsmelodien dei siste åra at fylket er pressa på ressursar, men likevel er lite gjort for å bøte på situasjonen. Dette harmonerer dårleg med fylket si profilering av kulturarven. Samstundes er kulturavdelinga underlagt politisk styring, noko som bidreg til store skilnader mellom fylka når det gjeld prioriteringar innanfor kulturminneforvaltinga. Dette bidreg til usikkerheit, både for private eigarar og ikkje minst når det gjeld langsiktig forvalting av vår felles kulturarv. På sikt bør ein difor vurdere å flytte den regionale kulturminneforvaltinga til Fylkesmannen.

Nils Joachim Knagenhjelm

Til toppen