DAUD: Kommunane i Sogn er ikkje interessert i kommunesamanslåing. Då er det heller ikkje noko poeng med ei brukarundersøking i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
DAUD: Kommunane i Sogn er ikkje interessert i kommunesamanslåing. Då er det heller ikkje noko poeng med ei brukarundersøking i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Reformdiskusjonen er daud

Etter gårsdagens klare motvilje til kommunesamanslåing i Sogn, er reformballen lagt daud også i Årdal.

Årdal: Før pinsehelga møtte fylkesmannen forhandlingsutvala i Årdal og Lærdal og oppmoda kommunane om å gjennomføre ei innbyggjarundersøking. Etter måndagens resultat i folkerøystinga i Sogn, blir det ikkje noko av.

– Eg vil råda formannskapet til at me ikkje gjennomfører ei slik undersøking, innleia ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap), noko resten av formannskapet stilte seg bak.

– Intensjonen frå regjeringa er at det er om å gjere å sage ned fylkes- og kommuneskilt og bli større, ikkje noko anna. Eg er samd med ordføraren at det ikkje er føremålsteneleg med ei slik undersøking no, la Hilmar Høl (Ap) til. 

Årdølene vart ståande ufrivillig åleine etter at forhandlingane om ein storkommune i Sogn braut saman, og då Aurland like etter takka pent nei til eit sørside-alternativ.

– Magaplask

Måndag var det folkerøysting i alle kommunar unntatt Årdal, Lærdal og Luster i Sogn. Forutan regionsenteret Sogndal, var innbyggjarane i dei resterande kommunane klare i sin tale om at klarar seg best åleine.

– Eg synest me skal leggje godt merke til signalet som kjem frå kommunane. Berre Sogndal med eit oppmøte på 25 prosent seier ja, men det er ikkje eit klart ja. Eg føler reformdiskusjonen er eit magaplask og daud, sa Høl og kom med krass kritikk til den sitjande regjeringa.

– Blåmåndag er vel noko ein kan seie om alle dagar med denne regjeringa, ikkje berre når det gjeld reforma, sa han og drog fram auka byråkrati frå ei regjering som «er tydelege på å vera utydeleg». 

Saka vert dermed stoppa i formannskapet og skal ikkje vidare til kommunestyret, som i juni skal få ei orientering på korleis prosessen har vore for Årdals del. 

Til toppen