FLEIRE INNMELDE: – Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hos oss, seier leiar Magne Aasbrenn i Noreg Mållag. Foto: Noregs Mållag.
FLEIRE INNMELDE: – Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hos oss, seier leiar Magne Aasbrenn i Noreg Mållag. Foto: Noregs Mållag.

Regiondebatt gav opptur for Mållaget

Debatten om Vestlandsregionen har ført til at Noregs Mållag har fått over 550 nye medlemmer.

Den siste oversikta viser at Mållaget til saman no har 12.362 medlemmer. Det er det høgste medlemstalet på 25 år. 

– Dette er ei sann glede, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Han fortel at påmeldingane strøymer på frå heile Noreg.

– Medlemsrekorden vitnar om eit stort nasjonalt engasjement for nynorsken, seier han.

Mållagsleiaren meiner engasjementet for nynorsken også viste att i høyringa om Vestlandsregionen der heile 705 av dei totalt 858 fråsegnene ønskte nynorsk som administrasjonsspråk. 

– For organisasjonen er det viktig å ha mange medlemmer. Det gjev oss betre gjennomslagskraft. Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hjå oss. Vi har alltid plass til fleire, seier Magne Aasbrenn. 

Til toppen