Os:– Me har eit felles utgansgpunkt med ein avtale i botnen, så er det ein del punkt me ønskjer å betra eller fylla ut på. Her diskuterer me ulike løysingar. Nokre punkt er greie, som nynorsken. Andre er det meir diskusjon rundt, seier fylkesordføraren til Porten.no.
Forhandlingane om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane er i gang. Ein intensjonsplan om samanslåing skal etter planen vere ferdig i løpet av morgondagen.
Les også: Fylkestinget sa ja til Vestlandsregionen
Forhandlingsutvala i dei to fylka har møte på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar. Fylkesordførar Jenny Følling leiar forhandlingane for Sogn og Fjordane.
Skal fordela utvala som var lagt til Rogaland seg imellom
– Dei sentrale punkta er korleis me skal fordela oss to fylka mellom det som i første runde var lagt til Rogaland. Og den økonomiske biten. No har me gjort eit oppspel, så må me prøva å landa, seier Følling
Utgangspunktet er ein utvalsstruktur med eit regionting og regionutval i staden for dagens fylkesutval. Desse pluss setet for administrasjonssjefen er lagt til Hordaland i intensjonsavtalen som Rogaland no har hoppa av.
Les også: Sogn og Fjordane får to halve hovudutval
Så er det fire hovudutval:
- Samferdsle
- Næring
- Opplæring
- Kultur og idrett
Den administrative leiinga i dei to hovudutvala for høvesvis næring og opplæring vart lagt til Rogaland i den førre intensjonsavtalen. Samferdsle var delt i to; veg og kollektivtransport. Sogn og Fjordane fekk den administrative leiinga for det første, Rogaland for det andre.
I det siste hovudutvalet fekk Sogn og Fjordane den administrative leiinga for kultur, Rogaland for idrett.
Sogn og Fjordane fekk fylkesmannsembetet.
– Er det altså slik at det som vart lagt til høvesvis Sogn og Fjordane og Hordaland i førre runde ligg fast, slik at de no forhandlar om å dela det som var lagt til Rogaland dykk to mellom?
– Ja, det er utgangspunktet. Så er det slik at ingenting er klart før alt er klart. Me diskuterer moglege betringar i avtalen, seier Følling.
– Me er gode både på både opplæring og næring
– Du seier at nynorsken er eit greitt punkt; tyder det at det nærast garantert blir nynorsk som administrasjonsspråk i ein region Sogn og Fjordane og Hordaland mellom?
– Det me veit er at fylkestinga i begge fylka har gått inn for nynorsk.
Deler av Rogaland har varsla interesse for å vera med i ein region beståande av dei to fylka nord for dei, mellom anna Haugesund.
Les også: Hordaland seier ja til ny regionvariant med halve Rogaland
Følling fortel det ikkje er representantar frå Rogaland med i forhandlingane no.
– Det er slik at det er fylkeskommunane som forhandlar i høve regionreforma. Enkeltkommunar har i utgangspunktet ikkje høve til å delta, men kan søkja om det til sentralt hald.
– Er det harde ordvekslingar?
– Me har eit godt forhandlingsklima. Så er det nokre vanskelegare punkt.
– I Sogn og Fjordane er ein vel god på næring?
– Me er gode både på både opplæring og næring. Så får me sjå korleis det blir til slutt.
Med seg har fylkesordførar Følling:
- Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar
- Noralv Distad, gruppeleiar Høgre
- Tore Eriksen, fylkesrådmann
- Elin Schei Stuhaug, fylkeshovudstillitsvald
Fylkestinga i dei fylka skal handsame intensjonsplan i starten av februar. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har møte torsdag 2. februar, medan fylkestinget i Hordaland handsamar saka dagen etter, fredag 3. februar.