NY UTFORDRING: Regionlensmann Arne Johannessen har søkt på leiarstillinga til ein av dei tre nye driftseiningane i Vest politidistrikt. Foto: arkiv.
NY UTFORDRING: Regionlensmann Arne Johannessen har søkt på leiarstillinga til ein av dei tre nye driftseiningane i Vest politidistrikt. Foto: arkiv.

Regionlensmannen har søkt ny jobb

Arne Johannessen snusar på toppjobb i nye Vest politidistrikt.

Sogndal: Regionlensmann Arne Johannessen er ein av tre søkjarar til stillinga som leiar for Sogn og Fjordane geografiske driftseining i nye Vest politidistrikt. Det melder Sogn Avis.

– Dette er ein veldig spennande og viktig jobb som vil ha ansvar for heile Sogn og Fjordane. Vedkomande som blir tilsett blir den einaste frå fylket som får sitja i leiargruppa til politimeisteren, seier Johannessen til avisa.

For ein månad sidan vart det bestemt at Hordaland blir delt inn i to driftseiningar, medan gamle Sogn og Fjordane politidistrikt held fram som ei eining. Hovudsetet blir flytt frå Florø til Førde.

Til toppen