RESPONSTID: Arne Johannessen er ikkje overraska over at svært mange er skeptiske til responstida til politiet, men beroligar dei som trur det vil verre etter politireforma. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv). 
RESPONSTID: Arne Johannessen er ikkje overraska over at svært mange er skeptiske til responstida til politiet, men beroligar dei som trur det vil verre etter politireforma. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv).  (Foto: Arkiv)

Regionlensmannen trur ikkje reforma fører til lengre responstid

I politiet si innbyggjarundersøking for 2016 har berre 34 prosent av dei spurte eit godt inntrykk av politiet si responstid. 

Årdal: Nettopp responstid har vore eit av dei viktigaste diskusjonspunkta i den pågåande politireforma der lensmannskontor over heile landet vert lagt ned. Spesielt har diskusjonane gått sin gang på sørsida av fjorden, der det var knytt stor spenning til kva kontor direktøren ville spare. 

Men regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, beroligar dei som uroar seg. 

– Dette er ein debatt som pågår på eit litt sviktande grunnlag. Realiteten er at me har eit vaktsystem i indre Sogn som har fungert slik sidan Lærdalstunnelen opna. Det betyr eit samarbeid mellom Aurland, Lærdal og Årdal. Det er heilt uavhengig av kvar kontoret ligg og kor mange det er, seier han.

Kan ha betydning i aktiv teneste

Direktøren valte å følgje tilrådinga frå politimeisteren i Vest og spare kontoret i Lærdal. Men Johannessen meiner det ikkje har betydning for responstid.

– Unntaket er aktiv teneste på dagtid og kveld. Då vil det ha ein betydning kvar dei sit og rykk ut frå. Det er klart at dersom det skjer noko i Øvre Årdal på dagtid, og kontoret hadde lege på Årdalstangen, ville responstida vore kortare. I helger og på nattestid vil det vere som før, forklarar han.

Regionlensmannen seier han ikkje er overraska over statistikken, der 21 prosent seier dei ikkje har eit godt inntrykk av responstida til politiet. 51 prosent er samd i at politiet er raskt til staden ved akutt behov. I 2016 var det ifølgje han fem tilfelle med avvik på responstid i Sogn. 

Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet har også gått ned, både i Vest og for store deler av landet. Samstundes seier 78% at det er lett å komme i kontakt med politiet.

Krevjande geografi og natur

Krevjande geografi og natur og spreidd busetnad, trur Johannessen er forklaringa. Han meiner det er berre å erkjenne at store delar av landet vil ha utfordringar med responstid, men at det er råd å gjera noko med det. 

– Det handlar om kraftig vekst i vakt- og beredskapsordningane våre, som igjen betyr fleire politifolk, ikkje kor kontoret ligg.

MYKJE LIKT: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen (t.h.) trur responstida vil vere ganske lik på sørsida av fjorden etter omorganiseringa også.
MYKJE LIKT: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen (t.h.) trur responstida vil vere ganske lik på sørsida av fjorden etter omorganiseringa også.

Trur ikkje på spesielle endringar

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, deler oppfatninga til Johannessen om responstida i sitt vaktdistrikt og trur ikkje det vil endre seg voldsomt med reforma.

– Eg trur ikkje me får spesielle endringar i og med at me er det same vakt- og beredskapsområdet. Eg veit ikkje eksakt korleis me organiserer oss, men eg vil tru me får ei meir aktiv teneste på dag og kveld, seier han.

Med reforma skal politiet også jobba annleis. Dei skal rulle meir på vegane og løyse saker på staden i større grad. 

– Med dette utgangspunktet vil me køyre i det same vaktdistriktet, og då kan me hende me har flaks og er der det skjer når det skjer. Viss ikkje, vil me ha dei same avstandane som før, seier Knudsen.

Forstår frustrasjonen

Johannessen seier han forstår at folk kan vere lei seg og frustrerte i ein overgangsfase, men har tru på at dette er rett veg å gå.

– Eg trur ikkje alt vert betre med ei reform. Me kan miste noko på vegen, men det er får jobb å betra det me kan betre. Eg trur mellom anna at eit samla fellesskap for tilsette i indre Sogn vil byggja kompetanse og gjera dei meir effektive. Eg er sikker på at ein god del av dette vert positivt for både tilsette og publikum.

Til toppen