PRIORITERER: Regionrådet i Sogn vil setja alle klutar til i innspurten for å få regjeringa til å velja Hemsedalsfjellet som hovudveg mellom aust og vest framføre Hardangervidda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PRIORITERER: Regionrådet i Sogn vil setja alle klutar til i innspurten for å få regjeringa til å velja Hemsedalsfjellet som hovudveg mellom aust og vest framføre Hardangervidda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Regionrådet med full prioritering på Hemsedalsfjellet

Og dei uttrykker bekymring for at kost/nytte skal vege så tungt.

Årdal: Når Sogn regionråd kjempar ein vegkamp, er det først og fremst det mest nærliggande prosjektet over Hemsedalsfjellet som får mest fokus.

Innan 1. september skal Vegvesenet ha klart ei konseptvalutgreiing for riksveg 52 Hemsedalsfjellet og riksveg 7 Hardangervidda. Difor er det naturleg nok på denne fronten Sogn regionråd no prøver å påverke mest mogleg for å få regjeringa til å velje det første alternativet.

– Me vel å ha full prioritering på aust-vest. Det er den som ligg først i tid, og det er viktig at det samla politiske miljøet i regionen og fylket står opp for det, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen, og understrekar at det ikkje betyr at andre vegprosjekt er skyvd vekk.

– Det er heilt klart den viktigaste samferdslesaka for Sogn og Fjordane no. Det er viktig at me markerer på det, legg han til. 

– Må påverke grunnlaget for kost/nytte

Torsdag møttest regionrådet i Årdal, der innspel til fylkeskommunen på nasjonal transportplan (NTP) var drøfta. I dag er det to andre store vegprosjekt i Sogn som det også er eit stort ønske om å få gjennomført – Vikafjellstunnelen og Sognefjellstunnelane.

Regjeringa har sagt klart frå om at samfunnsøkonomisk nytte skal bli vekta langt tyngre enn før. Kor mykje kortare blir reisetida og kor mange nyttar vegen? Det er spørsmåla som skal liggje fremst i pannebrasken på dei som no skal vurdere nye vegprosjekt. Det er eit problem for Sogn og Fjordane.

Artikkelen held fram under biletet.

KOST/NYTTE: Regionrådet innser at kost/nytte er eit stort problem for vegprosjekt i Sogn og Fjordane. Difor er det viktig å påverke kva ein puttar inn av data her, meiner Trond Øyen Einemo (t.v.).
KOST/NYTTE: Regionrådet innser at kost/nytte er eit stort problem for vegprosjekt i Sogn og Fjordane. Difor er det viktig å påverke kva ein puttar inn av data her, meiner Trond Øyen Einemo (t.v.).

– Bekymringa ligg eigenleg ikkje på det, men inputen der. Ein smal sti med kvite liner blir rekna som heilt greitt når dei reknar på kost/nytte, men der må me inn og påverka grunnlaget for kost/nytte, seier Trond Øyen Einemo, som er vara-ordførar i Lærdal.

– Rein bedriftsøkonomi

Det var ikkje ordførar i Balestrand, Harald Norvald Offerdal, heilt med på, som meinte at kost/nytte ikkje burde vere det einaste utgangspunktet i vegsaker.

– Utfordringane til distriktsnorske er at Sogn og Fjordane har nesten ingenting inne i NTP. Det er for snevert med kost/nytte når ein skal tenkja vegutbyggjing, meiner han og sikta til Vikafjellstunnelen som eit godt døme.

– Den vil ha stor samfunnsmessig betydning, men slike ting reknar dei ikkje på. Dette er ein rein bedriftsøkonomi, men ein må bruke like mykje politisk skjøn som bedriftsøkonomi når ein snakkar om vegutbyggjing. 

Samarbeid gir resultat

Difor er det så viktig at ein står samla, påpeiker Jarle Aarvoll frå Sogndal. Han meiner samarbeid er årsaka til at Sogn har lykkast så godt på samferdsle.

– Utad kan det verke som me ikkje har magamål, men dette må me kommunisere betre ut. Når det gjeld aust-vest, er det gode uttalar frå interesseselskap og 7-8 kommunar på Sunnmøre. Det er gode uttalar frå NHO og LO, samt det politiske leiinga. Det er ei meget, meget god sak. Me må ikkje slappe av i det heile. Det blir treft ei avgjerd som får konsekvensar ein del år fram i tid, men toget går no, åtvarar han. 

Regionrådet var også samde om at dei måtte ha inn formuleringar kring rassikringspotten. I dag reiser Sogn og Fjordane med store delar av denne potten, som regionrådet heller ønskjer å auke storleiken på i staden for at fylket skal få ein større del av potten. 

Til toppen