Indre Sogn: Regjeringa ønskjer å leggja ned 227 kommunale skatteoppkrevjingskontor og erstatta dei med 56 regionale kontor som vil bli underlagt skatteetaten.
Ordførarane i Sogn regionråd protesterer på forslaget.
– Kvaliteten på skatteinnkrevjinga er god og har høg innbetalingsgrad. På landsbasis innfordrar skatteoppkrevjarane 99,67 prosent av alle utskrivne skattar og avgifter. Det er vanskeleg å sjå at ei overføring av skatteoppkrevjinga til staten vil gje betre resultat, skriv leiar Ivar Kvalen i ei pressemelding tysdag.
Kvalen: – I strid med måla i kommunereforma
Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Politikarane meiner nærleiken og lokalkunnskapen i dagens organisering bidreg til dei gode resultata for skatteinnkrevjinga og nedkjemping av svart økonomi. Dei trur tett samspel mellom skatterekneskapsfunksjonar, arbeidsgjevarkontroll og skatteoppkrevjinga gir syngergiar som kan forsvinna ved ei sentralisering.
– Overføring vil fjerna ei viktig oppgåve frå kommunesektoren, noko som er i strid med måla i kommunereforma om at større kommunar kan få fleire oppgåver. Forslaget inneber ei sentralisering av arbeidsplassar, og vil svekka både skatteinnkrevjinga og tenesta overfor innbyggjarane, skriv Kvalen.