HEILT KLART: Utan nye oppgåver, er det heilt klart at både innbyggjarar, næringsliv og lokaldemokratiet er best tent med at Hordaland og Sogn og Fjordane vert vidareført som eigne fylke, skriv stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, ein av to forfattarar av dette innlegget. Arkivfoto
HEILT KLART: Utan nye oppgåver, er det heilt klart at både innbyggjarar, næringsliv og lokaldemokratiet er best tent med at Hordaland og Sogn og Fjordane vert vidareført som eigne fylke, skriv stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, ein av to forfattarar av dette innlegget. Arkivfoto

MEININGAR

– Regionreform utan innhald 

Senterpartiet vil love at vi vil endre eit tvangsvedtak av fylka våre etter valet til hausten, dersom fylkeskommunane ber om det, skriv Liv Signe Navarsete og Kjersti Toppe.

INNLEGG: Stortinget skal torsdag 8.juni stemme over forslag  om nye folkevalde regionar. Då skal kvar einskild stortingsrepresentant  stemme ja eller nei til forslaget om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane  til eitt fylke. Heile Senterpartiet si stortingsgruppe kjem til å stemme mot dette forslaget.

I Hordaland og Sogn og Fjordane var begge fylkestinga tydelege på at ei samanslåing berre skulle gjennomførast dersom nye, store oppgåver vart lagt til fylka. Dersom ikkje, skulle fylka fortsette som i dag.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet. Arkivfoto
Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet. Arkivfoto

Men fylka har ikkje fått nokon nye, store ansvarsområde. Det vil H, Frp, KrF og V fyrst vurdere etter at fylka er slått saman. Forstå det den som kan. Vi i Senterpartiet kan ikkje godta at ein skal ommøblere Norge og Vestlandet på så dramatisk vis, utan at ein eingong veit kva dei nye fylka skal brukast til. 

Eit vedtak om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane i stortinget på torsdag, vil berre føre til ein ting, nemleg maktsentralisering og svekka folkestyre. Det tenar korkje Hordaland eller Sogn og Fjordane sine innbyggjarar på. Begge fylka er meir enn store og «robuste» nok til å ta ansvar for oppgåvene dei i dag har innan samferdsle, utdanning, næringsutvikling og miljø.

Senterpartiet ynskjer eit sterkt regionalt nivå under direkte folkevald styring. Endringar i fylkesinndeling må vere frivillige og basert på lokale prosessar, og ikkje som eit resultat av  statlege reformer, med truslar om tvang eller økonomisk straff.

Både kommunereform og fylkesreform er køyrt fram under dekke av auka lokaldemokrati og behovet for større fagmiljø. Men i realiteten er begge reformene reine sentraliserings- og sparereformer som vil svekke folkestyret og som ikkje vil hjelpe på utfordringane vi har i vest. 

Senterpartiet vil love at vi vil endre eit tvangsvedtak av fylka våre etter valet til hausten, dersom fylkeskommunane ber om det. Det har også Ap og Sv no støtta oss på. Utan nye oppgåver, er det heilt klart at både innbyggjarar, næringsliv og lokaldemokratiet er best tent med at Hordaland og Sogn og Fjordane vert vidareført som eigne fylke.

Valet 11.september vil avgjere.

Til toppen