REFORM: Det ligg også i korta at dei nye regionane skal utgjere einingar som skal kunne operere sterkare høve regional utvikling inkludert tilrettelegging for å bygge sterkare grunnlag for både nasjonal og global næringsmessig utvikling av næringslivet i regionen, skriv Vidar Grønnevik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Illustrasjonsfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
REFORM: Det ligg også i korta at dei nye regionane skal utgjere einingar som skal kunne operere sterkare høve regional utvikling inkludert tilrettelegging for å bygge sterkare grunnlag for både nasjonal og global næringsmessig utvikling av næringslivet i regionen, skriv Vidar Grønnevik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Illustrasjonsfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

MEININGAR

Regionreforma

Vi vil står sterkare om vi står saman - eller som Jan P. Syse brukte å seie - det er betre å henge saman enn å bli hengt kvar for seg.

KOMMENTAR: Det føregår for tida eit hektisk arbeid i alle fylka i landet for å legge grunnlaget for ei ny regioninndeling av landet som skal erstatte dagens fylkesstruktur. Fleirtalet på Stortinget har vedteke at det i framtida skal vere om lag 10 regionar (i staden for dagens 19 fylke). Endelig vedtak om den nye strukturen skal takast i Stortinget i 2017.

Arbeidet med kommunereforma har vore ført på ein måte som har involvert innbyggarane gjennom informasjon, innbyggarundersøkingar og i enkelte kommunar i form av folkerøysting.

Arbeidet med regionreforma har i hovudsak vore utført i ulike fylkeskommunale fora.

Bilde som teiknar seg av den framtidige regionstrukturen er som følger

  • Sør- og Nord-Trøndelag blir region Trøndelag
  • Aust- og Vest-Agder blir Region Agder
  • Norland, Troms og Finnmark blir truleg 2 regionar
  • Hedmark og Oppland kan bli region Innlandet
  • Østfold, Vestfold, Akershus og Buskerud kan bli region Viken
  • Oslo kan bli som før
  • Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan bli region Vest
  • Telemark og Møre og Romsdal er uavklart.

Møre og Romsdal ynskjer å bli ein eigen region

I samband med gjennomføringa av reforma kan det bli justering av kvar randkommunar vert plassert - i hovudsak basert på ynskje frå den einskile kommune. Storleiken på den einskilde region kan bli svært ulik både i utstrekning og i tal innbyggarar - frå nokre hundre tusen til 1,5 mill. innbyggarar - og frå nokre få til mange hundre tusen kvadratkilometer.

Det ligg i saka at dei nye regionane også skal vere regioninndelinga høve ei rekke samfunnsoppgåver, som veg, helse, politi, høgare utdanning m.m., men dette treng ikkje bli følgd heilt bokstaveleg. Dei nye regionane skal bli sterke administrative einingar som skal ha ansvar for fleire oppgåver enn fylkeskommunane har i dag.
Det ligg også i korta at dei nye regionane skal utgjere einingar som skal kunne operere sterkare høve regional utvikling inkludert tilrettelegging for å bygge sterkare grunnlag for både nasjonal og global næringsmessig utvikling av næringslivet i regionen.

I vårt fylke har det vore viktig at region Vest også skal innehalde Møre og Romsdal, då både demografi, næringsstruktur og samfunnsstruktur er meir lik Sogn og Fjordane enn Hordaland og Rogaland som begge har sterke bymiljø. Ein slik region vil innehalde vel 1 mill. innbyggarar og utgjere ein betydeligdel av den samla verdiskapinga i privat næringsliv i landet.

Sogn og Fjordane Høgre støttar fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt vedtak knytt til ein stor Vestlandsregion og meiner at det er viktig at forhandlingane som no går føre seg mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - også får med Møre og Romsdal. Vi oppmodar difor fylkestinget i Møre og Romsdal om å gjere nødvendige vedtak for å opne for dette. Ei slikt vedtak bør være ufarleg, ved at det opnar for moglegheiter der fylket kan takke nei om forhandlingane ikkje gir eit godt nok resultat.

Vi vil står sterkare om vi står saman - eller som Jan P. Syse brukte å sei - det er betre å henge saman enn å bli hengt kvar for seg !

Vidar Grønnevik
Fylkesleiar Sogn og Fjordane Høgre

Til toppen