KRITIKK: Regjeringa og Ketil Solvik-Olsen (Frp) får kritikk for at dei ikkje klarte å bestemme seg for éin hovudveg i tillegg til E134. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.
KRITIKK: Regjeringa og Ketil Solvik-Olsen (Frp) får kritikk for at dei ikkje klarte å bestemme seg for éin hovudveg i tillegg til E134. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.

Regjeringa får kritikk etter å ha valt fleire hovudvegar mellom aust og vest

Regjeringa og samarbeidspartia trassa Vegvesenet og valde fleire vegar som hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet, i tillegg til E134.

  • Endret

Lærdal: Ei funksjonsdeling mellom riksveg 52, riksveg 7 og E16 skal saman med E134 over Haukelifjell danne dei nye hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet, kunngjorde Trond Helleland (H) og Morten Wold (Frp) under arrangementet Rein Vidde-konferansen på Geilo måndag.

Det trass i at Statens vegvesen anbefalte at riksveg 52 Hemsedalsfjellet åleine burde bli den andre hovudfartsåra i tillegg til E134.

–Mitt inntrykk er at dette er eit forslag som er meint å gjere alle fornøgde, og at det er eit ledd i valkampen, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen, som meiner regjeringa burde følgt Vegvesenets anbefaling, til NRK. Han får støtte frå Unge Venstre.

–Dette er "alle skal få"-politikk der vi ikkje evnar å prioritere. Eg fryktar resultatet er at vi får fire halvvegs stamvegar og ei halvdårleg jernbane, seier ungdomspartileiar Tord Hustveit.

Deler person- og godstrafikk

Riksveg 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på moglegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet skal vere hovudsamband for næringstransport. Her skal det leggjast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet. Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), er lite imponert over denne todelinga.

–OFV har vore tydelege i vår anbefaling om å satse på eitt hovudvegsamband. Vi er bekymra for ei stykkevis- og delt utbygging fordi ressursane ikkje blir kanalisert til den kortaste, raskaste, lågaste og mest driftssikre av vegane, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i OFV.

Reknar med fullføring av E16

E16 er vintersikker, men har lengst køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal likevel fullførast og vil vere ein viktig avlastingsveg når andre overgangar er stengt, heiter det i ei pressemelding.

Det er dei takknemlege for i Valdres, der dei i 2015 overraskande fekk beskjed frå samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) om at vegen ikkje var inne i finalerunden om å bli stamveg.

– Vi reknar i alle fall no med at E16 blir fullført. Det er allereie investert tre milliardar i prosjektet, så det vil jo vere galskap å ikkje fullføre, seier Vidar Eltun, ordførar i Vang, til NRK.

1.000 milliardar kroner

Regjeringa vil i Nasjonal transportplan legge opp til strekningsvise utbetringar gjennom det som vil bli kalla "samordningsstrekningar". Her får Statens vegvesen moglegheit til sjølv å disponere middel for å utbetre kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt som må vedtakast i Stortinget med eiga kostnadsramme.

– Samarbeidspartia har store ambisjonar for utviklinga av samferdselsløysingane. Det er allereie varsla at det skal brukast 1.000 milliardar kroner på samferdsel dei neste åra. Vi har også ambisjonar utover dette for den langsiktige utviklinga av vegnettet fram mot 2050, seier Trond Helleland.

MDG skulle helst sett at desse pengane heller vart nytta til å utbetre kollektivtransporten.

–Dobbelt opp med motorvegar over fjellet vil bety at endå meir godstrafikk vil bli overført frå tog til trailerar. Det vil gi større fare for ulykker og meir utslepp, seier Arild Hermstad, stortingskandidat for Dei Grøne i Hordaland.

(©NPK)

Til toppen