STRYKKARAKTER: Halvparten av bøndene meiner at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien deira negativt, viser ei undersøking Nationen har fått gjennomført.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STRYKKARAKTER: Halvparten av bøndene meiner at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien deira negativt, viser ei undersøking Nationen har fått gjennomført.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Regjeringa får stryk av bøndene

Halvparten av bøndene meiner at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien deira negativt, viser ei undersøking Nationen har fått gjennomført.

Lærdal: Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer måndag sitt krav til staten i jordbruksoppgjeret i år. På spørsmål om korleis politikken til regjeringa har påverka økonomien for deira gardsbruk, svarer nærmare halvparten negativt. Det viser ei undersøking Sentio Research har utført på oppdrag for avisa.

Til saman 46 prosent svarer at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien til deira gardsbruk negativt eller svært negativt. 42 prosent seier verken eller. I alt 7 prosent svarer positivt eller svært positivt, resten svarer veit ikkje.

Ifølgje avisa løyvde noverande innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) 400 millionar kroner i jordbruksoppgjeret for både 2014 og 2015 i dei to åra ho var landbruksminister.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som var siste raudgrøne representant som landbruksminister, løyvde 1.270 millionar kroner. (©NPK)

Til toppen