POSITIVT STEG: Regjeringa føreslår å redusera alkoholavgift for siderbryggeri. Det vil ifølgje dagleg leiar i Balholm, Åge Eitungjerde ( t.v), ha lite å seie for selskapet. Likevel meiner han det er eit positivt signal.
POSITIVT STEG: Regjeringa føreslår å redusera alkoholavgift for siderbryggeri. Det vil ifølgje dagleg leiar i Balholm, Åge Eitungjerde ( t.v), ha lite å seie for selskapet. Likevel meiner han det er eit positivt signal. (Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK Sogn og Fjordane)

Regjeringa føreslår reduksjon i alkoholavgift for siderbryggeri, Balholm-sjef: – Vil ha lite å seia

Nyleg la regjeringa fram eit forslag om å redusera alkoholavgifta for små bryggeri som lagar sider. Dagleg leiar i Balholm, Åge Eitungjerde, meiner det vil ha lite å sei for den totale produksjonen.

Balestrand: 14. mai la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett, er ein justering av statsbudsjettet 2019. I budsjettet ligg er det eit endringsforslagg som gir redusert alkoholavgift for sider for små bryggeri,

Dette gjeld produkt som inneheld mellom 3,7 og 4,7 volumprosent alkohol. Eitungjerde fortel det dermed vil ha lite å seie for Balholm sin totale siderproduksjon. 

– For Balholm og alle andre som lagar sider har dette endringsforslaget liten betydning. Forslaget gjeld sider med opp til 4,7 volumprosent alkoholinnhald, og nesten alle typar sider som blir produsert ligg over 4,7, seier han. 

Eitungjerde: – Eit positivt signal

Balholm syner fram 14 ulike typar sider på si heimeside. Av dei er det berre dei tre typane Handverkcider som inneheld 4,7 volumprosent alkohol. Dei resterande elleve inneheld mellom 5 volumprosent til 14 volumprosent. 

Balholm produserer mellom omlag 60.000-80.000 liter sider i året, som i stor del går på dei sterkare siderane, opplyser Eitungjerde.  

– Endringsforslaget er eit positivt signal frå politikarane, men det vi ha liten praktisk betydning for siderbransjen i det store biletet, seier han.

Vil ha avgiftskutt for sider over 4,7 prosent

Han fortel at siderbransjen no vil jobba vidare for å få endringsforslaget til å gjelda for sider med over 4,7 volumprosent.

– Det er vanskeleg å seia kor informerte dei som har utforma endringsforslaget er. Me vil forsøke å informera om siderlandskapet, og at hovuddelen av sider inneheld høgare alkoholprosent.

– Kor mykje vil avgiftsreduksjonen på, i Balholms tilfelle, dei tre siderane som innheld 4,7 prosent utgjera økonomisk? Vil de satsa meir på å produsera sider mellom 3,7 og 4,7 prosent? 

– Eg veit ikkje kor mykje dette vil utgjera, det har ikkje kome nokre tal på dette enno.  Nei, me vil ikkje satse meir på det.

Til toppen