HEMSEDALSFJELLET: Ifølgje Stavanger Aftenblad vil truleg regjeringa gå for E134 over Haukeli som éin av to hovudtrasear mellom aust og vest. Hemsedalsfjellet og riksveg 52 er eit aktuelt tilleggsalternativ. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

– Regjeringa går for E134 Haukeli

E134 over Haukeli blir valt som ein av to hovudtrasear mellom aust og vest, erfarer Stavanger Aftenblad.

Lærdal: Alle partia på Stortinget var måndag kveld inviterte til å drøfte hovudvegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og toppar frå Statens vegvesen og Vegdirektoratet, skriv Stavanger Aftenblad.

Etter ein open runde samla stortingsgruppene til Høgre og Frp seg i eit lukka møte med Solvik-Olsen.

Avisa har etter møta grunn til å tru at E134 blir valt som ein av to hovudtrasear i tråd med anbefalingane i utgreiinga. Slaget står om val av E134-variant og kva trasé som slår følgje med E134.

Kjelder fortel at E134-armen til Bergen tapar viss valet blir Hardangervidda, sjølv om Odda-varianten mellom E134 og Bergen kjem best ut samfunnsøkonomisk. (©NPK)

Til toppen