KONSESJON: Regjeringa gir Hydro konsesjon til to kraftverk i Fortun. Her frå kraftlinja mellom Årdal og Fortun.
KONSESJON: Regjeringa gir Hydro konsesjon til to kraftverk i Fortun. Her frå kraftlinja mellom Årdal og Fortun. (Foto: Helena Nynäs/NVE)

Regjeringa gir konsesjon til to kraftverk i Fortun

Olje- og energidepartementet har gitt Hydro Aluminium AS konsesjon til bygging av Øyane kraftverk og Illvatn pumpekraftverk i Luster kommune. Tiltaka inneber opprusting og utviding av dei alt regulerte Fortun-Grandfastavassdraga.

Luster: Øyane kraftverk vil gje ein årleg produksjon på 66 gigawattime (GWh). Medan Illvatn pumpekraftverk vil gje ein årsproduksjon på 113 GWh, skriv Frida Melvær, Tore Storehaug og Åsta Årøen i ei pressemelding.

Det er også gitt løyve til å byggje ein 11 km lang 132 kV luftleidning frå Sveinsøystølen til Illvatn kraftverk. Leidninga vil ha noko negativ påverknad på landskap og friluftsliv, men kjem i eit område som alt er prega av eksisterande vasskraftutbygging.

– Det er viktig at vi kan utnytte potensialet i alt utbygde vassdrag på ein enda betre måte. At Regjeringa prioriterer prosjekt som bidreg til å optimalisere produksjonen og som gir meir regulerbar kraft, er positivt og fornuftig, seier stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær.

Kraftverka

Øyane kraftverk vil utnytte restvassføring i Fortunselva. Inntaket til kraftverket vil ligge nedafor Spitarfossen. Dermed er dei negative konsekvensane for landskap, friluftsliv og naturmiljø redusert betydeleg.  Utbygginga gjer at vassføringa blir redusert i Fortundalselva.

Det er defor fastsatt minstevassføring av omsyn til fisk. Miljøkonsekvensane kan difor reknast for akseptable.

Illvatn pumpekraftverk skal pumpe opp vatn frå Fivlemyr i flaumperiodane for lagring i eit utvida magasin i Illvatn til produksjon av kraft i vintermånadane. Det er samstundes gitt løyve til å auke reguleringshøgda i Illvatn frå 15 m til 62 m ved senking. Det er fastsett vilkår om prioritert oppfylling av Illvatn om våren.

Av omsyn til villrein er det pålagt at det vert sett opp bomveg og fastsett vilkår om kort byggetid.

Fornybar kraftproduksjon

I pressemeldinga går det fram at dette prosjektet vil auke den fornybare kraftproduksjonen, men samstundes har avgrensa miljøinngrep. Utbygginga vil vera viktig for næringslivet og sysselsettinga i regionen.

 – Prosjektet sikrar meir fornybar kraft og meir kraft som er regulerbar. Det er verdifullt lokalt og viktig for verda, seier stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug.

Vassdraget mellom inntak og stasjon består av fjell med sprekker der det er mykje lekkasje, som medfører tørrlegging av elv nedstrøms kraftverk i periodar. Når denne delen vert lagt i røyr sikrar ein vassføring nedstrøms kraftverk.

– Vi tykkjer at tiltaket er bra då ein gjer tiltak i eit vassdrag som har problem med flaum ved høg vassføring, dette kan betre seg noko med meir regulering.  Det er også bra å nytte seg av same reguleringsområdet som er utbygd i forhold til å regulere heilt nye områder, seier Åsta Årøen, fylkesleiar Vestland Venstre.

Til toppen