PENGAR TIL LÆRARAR: – Vi ventar at kommunane bruker desse pengane på lærarar. Men dersom det tar litt tid å tilsetje lærarar, har kommunane òg høve til å bruke delar av midlane til fleire assistentar i mellomtida, seier Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).

Regjeringa har fordelt pengar til lærarsatsing

Regjeringa har fordelt 1,3 milliardar kroner til fleire lærarar på dei lågaste trinna i barneskulen.

Tilskotet vart gjennom budsjettforliket mellom Høgre og Frp og KrF og Venstre auka med 460 millionar kroner frå nivået i 2016.

No har Kunnskapsdepartementet fordelt pengane etter grunnskulenøkkelen i inntektssystemet til kommunane. Kommunane må på si side kvart år stadfeste at dei har brukt pengane til lærarar på 1.–4. trinnet i grunnskulen, elles får dei ikkje pengar neste år.

– Vi ventar at kommunane bruker desse pengane på lærarar. Men dersom det tar litt tid å tilsetje lærarar, har kommunane òg høve til å bruke delar av midlane til fleire assistentar i mellomtida, seier Røe Isaksen.

Det er i år sett av rundt 100 millionar kroner til stillingar knytte til forskingsprogrammet Lærareffekt, som skal gi betre kunnskap om effektane av auka lærartettleik.

(©NPK)

Til toppen