SENTRALISERINGSKØYRET: jølv på transportsektoren, som er regjeringa si uttala storsatsing går dei store midlane til byområda, medan det i Sogn og Fjordane ikkje er varsla noko nye prosjekt ut over dei me kjenner frå før, skriv Navarsete. Foto: Lars Gjemble/Senterpartiet.
meiningar
SENTRALISERINGSKØYRET: jølv på transportsektoren, som er regjeringa si uttala storsatsing går dei store midlane til byområda, medan det i Sogn og Fjordane ikkje er varsla noko nye prosjekt ut over dei me kjenner frå før, skriv Navarsete. Foto: Lars Gjemble/Senterpartiet.
meiningar

Regjeringa held fram sentraliseringskøyret!

Liv Signe Navarsete (Sp) kommenterer forslaget til statsbudsjett frå regjeringa.

Også i årets budsjett er det gjennomgåande åtak på distrikt og ditto styrking av byregionane i regjeringa sitt framlegg.  Den vesle skatteletten for vanlege folk (83 kroner pr månad, ifølge regjeringa) vert meir enn ete opp av at pendlarfrådraget er kutta med nær ein halv milliard kroner, moms på transport vert auka med 2% og ei sterk skatteskjerping for familielandbruket ved generasjonsskifte. Reiselivet i fylket vil få nok ei utfordring ved den auka momssatsen.

Meiner verkeleg  regjeringa at folk i Sogn og Fjordane fortener dårlegare tenester enn landet elles?

Dagens budsjettframlegg er trist lesnad for kommunane og oss som bur i fylket.  Både i kommunane og fylkeskommunen sine budsjett er løyvingane til Sogn og Fjordane godt under landsgjennomsnittet. Dei nye folkevalde i kommunane og fylkeskommunen får tøffe prioriteringar å ta tak i.

Regjeringa reduserer eigedomskatteinntekter for vasskraftkommunane gjennom auka grunnrenteskatt og auka innslagspunkt for naturressursskatt. Det vil forsterke dei negative verknadene av det frå før svake kommunebudsjettet for vårt fylke.

Sjølv på transportsektoren, som er regjeringa si uttala storsatsing går dei store midlane til byområda, medan det i Sogn og Fjordane ikkje er varsla noko nye prosjekt ut over dei me kjenner frå før. Kvar vart det av lovnadene til å starte bygginga av Stadt skipstunnel og Vikafjellsvegen, for å nemne noko? Og har E16 fått tilbakeført dei 70 millionane som vart kutta ved budsjettforliket?

Knutepunktsatsinga er historie, og med det kuttar regjeringa ei stor kompetansebygging innan kultur i distriktsfylket. Også kulturmidlane gjer seg visst best sentralisert til Kulturrådet.

At regjeringa nok ein gong kuttar fleire hundre millionar i midlane til satsing på arbeidsplassar i distrikta (totalt kutta med 750 millionar sidan 2013) berre understrekar politikken frå ei regjering som gjer alt den kan for å svekke norske distrikt og legg all energien i å få folk til å flytte til byane.

Folket valde i 2013 ei ny regjering og ny politikk. Var det verkeleg dette ein ynskte?

Til toppen