NYE TILTAK: Regjeringa og statsminister Erna Solberg har varsla nye og strengare tiltak mot koronaviruset.
NYE TILTAK: Regjeringa og statsminister Erna Solberg har varsla nye og strengare tiltak mot koronaviruset. (Foto: Regjeringen.no/skjermdump)

Sjå lista: Regjeringa innfører ekstraordinære tiltak

Kampen mot koronaviruset vart skrudd opp mange hakk torsdag. Statsministeren oppmodar til nasjonal dugnad.

Oslo: Pressekonferansen starta klokka 14:09, litt forsinka.

– Me står i ei vanskeleg tid for Norge og verda. Dei drastiske tiltaka me iverkset, gjer me i håp om å stansa viruset, sa statsminister Erna Solberg då ho opna pressekonferansen.

Statsministeren oppmoda til nasjonal dugnad, og understreka kor viktig det var at alle følgjer råda som blir gitt.

– Det skal me gjera i solidaritet med eldre, kronisk sjuke, og andre som er spesielt utsette for å utvikla alvorleg sjukdom. Me må beskytta oss sjølve for å beskytta andre, sa Solberg.

Tiltaka regjeringa har føreslått vil utvilsamt føra til store økonomiske konsekvensar.

– I dag kjem den norske regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka me har hatt i Norge i fredstid, sa Solberg.

Her er nokre av tiltaka og oppmodingane som kom fram:

  • Stenging av alle barnehagar og skular, universitet og høgskular. Foreldre i samfunnskritiske funksjonar, til dømes i helse og omsorgssektoren, får eit omsorgstilbod for sine born i sin barnehage og skule. – Det er viktig at me ikkje overlet barnepass til dei som er i risikosona, sa Solberg på pressekonferansen.
  • Forbod mot kulturarrangement, idrettsarrangement og arrangert idrettsaktivitet, både innandørs og utandørs.
  • Stenging av alle aktørar i serveringsbransjen, med unnatak av dei som kan legga til rette for minst éin meter avstand mellom gjestane. Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Stenging av treningssenter, svømmehallar, badeanlegg og liknande.
  • Stenging av verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, piercing og liknande.
  • Detalj og varehandel vil halda ope. – Det er ingen grunn til å hamstra mat, opplyste helseministeren.
  • Unngå fritidsreiser, både innanlands og utanlands. Unngå offentleg transport, om det er mogleg. Unngå nærkontakt med andre.
  • Folk som kjem heim frå reiser utanfrå Norden skal i heimekarantene i 14 dagar. Dette har óg tilbakevendande kraft frå 27. februar.
  • Restriksjonar på besøkande til alle helseinstitusjonar. 
  • – Me kjem tilbake med dei mest akutte tiltaka for næringslivet i morgon, sa Solberg.
Til toppen