Årdal/Lærdal: Det kjem fram i energimeldinga, som vart lagt fram fredag.
– Vasskrafta har vore ein berebjelke i utviklinga av det moderne Noreg. I åra framover blir vasskrafta endå viktigare. Behovet for fleksible energiløysingar aukar i takt med omstillingane i energimarknadane, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
I hovudsak ligg verneplanen for vassdrag fast, blir det understreka. Men regjeringa opnar likevel for unntak.
«I særskilde tilfelle med stor samfunnsnytte og akseptable miljøkonsekvensar kan det vere aktuelt å opne for konsesjonsbehandling av vasskraft i verna vassdrag. Eksempel kan vere der ei utbygging gir stor flaumdempande effekt eller stor produksjon av regulerbar kraft», heiter det i ei pressemelding.
I Årdal og Lærdal er det fleire verna vassdrag som Utla, Smeddøla og øvre del av Erdalselvi. (©NPK)