LEGG VEKK: Regjeringa innser at det ikkje er mogleg å få fleirtal for full liberalisering for søndagsopne butikkar og legg vekk forslaget. Foto: Flickr/Høyre.
LEGG VEKK: Regjeringa innser at det ikkje er mogleg å få fleirtal for full liberalisering for søndagsopne butikkar og legg vekk forslaget. Foto: Flickr/Høyre.

Regjeringa legg bort søndagsope-forslag

Regjeringa innser at det ikkje er mogleg å få fleirtal for full liberalisering for søndagsopne butikkar og legg vekk forslaget. Dei vil i staden sjå på andre løysingar for å sikra fleksibilitet.

Årdal/Lærdal: Det opplyser den nye kulturministeren Linda Hofstad Helleland (H) til NTB.

Då høyringsfristen for  forslaget om å endra heilagdagslova gjekk ut tidlegare i år, var det kome inn så mange som 7.000 høyringssvar, og saka har vekt stort engasjement.

– Ei full liberalisering av søndagsopne butikkar er det ikkje fleirtal for på Stortinget. Det er også motstand i folket. Eg lyttar til det. Difor har eg lagt forslaget om søndagsopne butikkar i ei skuff, seier Helleland. (©NPK)

Til toppen