SKULE: – Vi kan ikkje forvente at elevar skal klare å finansiere heile skulegangen sin ved hjelp av arbeid aleine, skriv Jenny Klinge og Anne Tingelstad Wøien stortingsrepresentantar for Senterpartien (Sp). Fotomontasje: Bernt Sønvinsen/Ingvill Størksen/Senterpartiet
meiningar
SKULE: – Vi kan ikkje forvente at elevar skal klare å finansiere heile skulegangen sin ved hjelp av arbeid aleine, skriv Jenny Klinge og Anne Tingelstad Wøien stortingsrepresentantar for Senterpartien (Sp). Fotomontasje: Bernt Sønvinsen/Ingvill Størksen/Senterpartiet
meiningar

Regjeringa legg opp til større fråfall

Les kommentaren av stortingsrepresentantane for Senterpartiet Jenny Klinge og Anne Tingelstad Wøien​. 

  • Endret

Det er snart skulestart. For ein god del ungdommar kan omleggingar i stipendordningane vera eit uoverkomeleg hinder for å starte eller halde fram på vidaregåande.

Om lag 40 000 elevar har no mista retten til grunnstipend etter at Stortinget gjorde om på regelverket og kutta i budsjettmidlane. Grunnstipendet er eit stipend som skal sørgje for at svak økonomi i familien ikkje skal vere eit hinder for vidaregåande skulegang. Dette stipendet vart lagt om slik at det mellom anna blir rekna ut etter inntekta til begge foreldra, uansett kven elevane bur hos – og uansett om begge foreldra bidreg til utdanninga deira eller ikkje. 

Senterpartiet var det einaste partiet som stemte imot denne endringa. Vi var skeptiske til kva konsekvensar endringa ville ha for elevar frå familiar med dårleg råd. Det er viktig for oss at eleven ikkje skal bli ramma om situasjonen i familien er vanskeleg.

Det er provoserande å høyre kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seie at omleggingane var heilt riktige å gjera, når det no kjem fram konkrete eksempel på kvifor endringa var feil.  Ei fortvila mor har stått fram i Fædrelandsvennen (25.07) og sagt at dei to tenåringsdøtrene hennar ikkje kan halde fram på vidaregåande fordi pengane ikkje strekk til når dei mistar retten til grunnstipend.

Vi veit at mange skuleelevar tek seg jobb ved sidan av studia for å spe på stipendet dei får, og det er flott, men vi kan ikkje forvente at elevar skal klare å finansiere heile skulegangen sin ved hjelp av arbeid aleine.

Senterpartiet forventar at regjeringa snur i saka seinast ved framlegginga av nytt statsbudsjett. Regjeringa og det store fleirtalet på Stortinget bør ikkje bidra til å skape større fråfall i den vidaregåande skulen. Målet må heller vera mindre fråfall og at fleire elevar får gjennomført vidaregåande skulegang.

Til toppen