NYNORSK: Stortinget vedtok tysdag samrøystes å be regjeringa om å greie ut om elevar på ungdomsskulen skal ha rett til opplæring på eiga målform. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon). 
NYNORSK: Stortinget vedtok tysdag samrøystes å be regjeringa om å greie ut om elevar på ungdomsskulen skal ha rett til opplæring på eiga målform. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).  (Foto: Illustrasjon)

Regjeringa må greie ut nynorskrett for alle grunnskuleelevar

Stortinget vedtok tysdag samrøystes å be regjeringa om å greie ut om elevar på ungdomsskulen skal ha rett til opplæring på eiga målform.

I dag er det berre elevar på 1. til 7. trinn i kommunar der minst ti elevar ynskjer opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, som har rett til å høyre til ei eiga elevgruppe med eiga målform.

Ei gruppe stortingsrepresentantar frå Vestlandet ønskjer at denne retten også skal gjelde for elevar på 8. til 10. klassetrinn, og no er dei komne eit viktig steg på vegen mot ei lovendring.

– Det er veldig viktig at Stortinget no har vedteke å greie ut språkdelt ungdomsskule. I dag er det mange elevar som har hatt nynorsk på barneskulen som berre får tilbod om bokmålsopplæring når dei byrjar på ungdomsskulen. Erfaringane frå mellom anna Odda syner at språkdelt ungdomsskule hindrar fråfall frå nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Komiteen ber i innstillinga si regjeringa om å greie ut ei endring av paragraf 2– 5 i opplæringslova og andre moglege tiltak som kan sikre elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og høyre til ei eiga målformgruppe, og å kome tilbake til Stortinget «på eigna måte».

Noregs Mållag har rekna ut at det i dag er om lag 46 kommunar i Noreg med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i eiga elevgruppe om dei gjekk på barneskulen. Forslagsstillarane fryktar at dagens ordning skal bidra til at fleire skiftar språk frå nynorsk til bokmål mellom barne- og ungdomsskule. (©NPK)

Til toppen