– Dei fornybare energiressursane og ein velfungerande energisektor er konkurransefortrinn for Noreg, seier olje- og energiministeren. Illustrasjonsfoto. 
– Dei fornybare energiressursane og ein velfungerande energisektor er konkurransefortrinn for Noreg, seier olje- og energiministeren. Illustrasjonsfoto. 

Regjeringa med fire satsingsområde innan energi

Forsyningstryggleik, klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavennleg energiforsyning.

Det er hovudbodskapen i stortingsmeldinga om energipolitikk.

Meldinga vart lagt fram av regjeringa fredag. Den foreslår blant anna å avvikle ordninga med elsertifikat i 2021, samtidig som betydinga av den norske vasskrafta blir understreka.

Energipolitikk

– Eg er svært glad for å legge fram ei stortingsmelding om energipolitikken. Det er 17 år sidan Stortinget sist fekk ein brei gjennomgang av utviklingstrekk, status og perspektiv for den innanlandske energiforsyninga, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Parisavtalen har vist ein internasjonal vilje til meir innsats for utsleppsreduksjonar og forsterka arbeid med klimatilpassingar, ifølge departementet.

– Dei fornybare energiressursane og ein velfungerande energisektor er konkurransefortrinn for Noreg. Ein godt fungerande kraftmarknad er avgjerande for ei effektiv og klimavennleg energiforsyning. Energipolitikken legg til rette for at vi kan bruke fornybar kraft til fleire føremål enn i dag, seier olje- og energiministeren.

Til toppen