REAGERER PÅ KUTT: – Skal regjeringa lukkast med å halde nede distrikta i Noreg så må dei organisasjonane som er med på å bygga bygdesamfunna svekkast, skriv Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Sp) og leiar for næringskomiteen. Foto: Senterpartiet
REAGERER PÅ KUTT: – Skal regjeringa lukkast med å halde nede distrikta i Noreg så må dei organisasjonane som er med på å bygga bygdesamfunna svekkast, skriv Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Sp) og leiar for næringskomiteen. Foto: Senterpartiet

MEININGAR

Regjeringa og 4H

Les kommentaren om kår for frivilliga lag og organisasjonar av Geir Pollestad,
stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av næringskomiteen.

"Klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse" heiter det i 4H-lovnaden. Dette finn ein ikkje att i regjeringa si erklæring. Nok ein gong går regjeringa med Sylvi Listhaug i spissen til åtak på 4H.

Det starta med at regjeringa ville seie opp dei langsiktige avtalene dei hadde med ei rekke frivillige organisasjonar, mellom anna 4H. Desse avtalane har gitt organisasjonane høve til å tenke langsiktig. Regjeringa har og tidlegare kome med framlegg om kraftige kutt i løyvingane til 4H.

Byråkratane i Oslo fekk, med eit H/Frp styre, gjennom sitt krav om å kaste ut 4H frå kontorplassane dei har hatt hjå fylkesmennene rundt om i landet. Det var eit spørsmål om tryggleik hevda regjeringa. Eg for min del tenkjer som så at få ting er tryggare enn å dele kontorplass med nokon som har «klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse».

Trass i den vanskelege situasjonen dette har sett organisasjonen i så kom nyleg regjeringa med eit nytt framlegg om å kutta meir enn ein million kroner til 4H i 2016. Eg trur det ligg ein klår strategi bak desse kutta frå regjeringa. Skal dei lukkast med å halde nede distrikta i Noreg så må dei organisasjonane som er med på å bygga bygdesamfunna svekkast. For sjølv om 4H er ein partipolitisk nøytral organisasjon så trur eg det er få med 4H-plaketten på veggen som vil støtte regjeringa si vurdering av at norsk matproduksjon bidreg til å gje samfunnet eit velferdstap.

Senterpartiet vil stå på for å sikre best mogleg vilkår for alle frivillige lag og organisasjonar. Me meiner dei har ein verdi som ikkje kommersielle aktørar kan levera. Det gode liv og dei trygge lokalsamfunna er ikkje noko ein kan kjøpe på anbod.

 

Til toppen