– Regjeringa overser innspel frå kommunesektoren

– Regjeringa overser innspel frå kommunesektoren

Det meiner fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Tysdag møtte fylkesordføraren i Stortinget. Ho meiner oppgåvemeldinga legg opp til å svekka det regionale nivået i staden for å gjera det meir robust.

– Regjeringa overser innspel frå fylkesordførarkollegiet og kommuneorganisasjonen KS i oppgåvemeldinga, seier ho.

Over ser uttale i fleire punkt

Meldinga vart lagt fram tidlegare i år og er ein del av kommunereforma til regjeringa. Her blir det føreslege kva oppgåver som skal liggje til kommunar, fylkeskommunar, fylkesmennene og staten i framtida.

Les heile høyringsinnspelet HER.

I desember i fjor sendte fylkesordførarkollegiet og KS ein uttale om oppgåvemeldinga, og Kjelsnes meiner regjeringa overser denne på fleire punkt. Det gav ho klart uttrykk for i Stortinget då ho møtte i høyringsrunden i kommunal- og forvaltningskomiteen.

Oversett

At folkevalde regionar bør få overført oppgåver frå staten innan ni konkrete område var eitt av punkta frå fylkesordførarkollegiet og KS. Kjelsnes finn ikkje dette i meldinga.

– Meldinga overser nesten heile dette punktet. Dei oppgåvene me her lanserer burde i det minste vore kommenterte. Det verste er ikkje å få eit «nei», det verste er å bli oversett, seier ho.

Til toppen