Tromsø: Det avslørte statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom Cato Karlsen (Frp) under Nasjonal rassikringskonferanse i Tromsø torsdag.
– No jamnar vi ut tilskotet til riks- og fylkesvegane. For første gong er det sett av like mykje pengar i NTP til rassikring av fylkesvegar og riksvegar – 12 milliardar til kvar av vegtypane. Tidlegare har det blitt sett av langt meir til sikring av riksvegar enn fylkesvegar, seier Karlsen til Nordlys.
Han opplyser også at det vil bli utarbeidd eit nytt tilskotsprogram for fylkesvegane i NTP.
Tidlegare denne veka gjekk leiar for Nasjonal rassikringsgruppe ut og sa ho var uroa for mangelen på midlar som er løyvd til rassikring i NTP.
– Eg er uroa over at det ikkje blir sagt noko i lekkasjane frå NTP om rassikring. Betyr det at regjeringa ikkje har noko ambisjon om å sikre det offentlege vegnettet i den nye planen? spurte ho.
(©NPK/Porten.no)