AP: Ingrid Heggø.
AP: Ingrid Heggø. (Foto: Pressefoto / Arbeiderpartiet)

– Regjeringa sin passivitet vil føre til at arbeidsplassar og bedrifter går tapt i heile Noreg

No har Ingrid Heggø og resten av Arbeiderpartiet foreslått to tilskotsordningar til kriseramma bedrifter.

Sogn: I ei pressemelding skriv Arbeidarpertiet at bedrifter står på randen av konkurs, og rekordmange er bekymra for jobbane sine no som me er inne i ein ny periode med nedstengingar. Difor vil partiet foreslå ei ny tilskotsordning i tillegg til den generelle kompensasjonsordninga. 

Arbeiderpartiet meinar at regjeringa lenge har snakka om fleire og meir målretta tiltak, utan at det har blitt fulgt opp i praksis.

– Regjeringa sin passivitet vil føre til at arbeidsplassar og bedrifter går tapt i heile Noreg. Det er trist og gjer krisa djupare og vanskelegare enn den hadde trengt å vere, sier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap). 

Smitteverntiltak og økonomiske tiltak

– Frå vår side er det ingen tvil, smitteverntiltak og økonomiske tiltak må gå hand i hand. Lokal nedstenging må følgast opp med sterkare økonomiske tiltak for bedriftene, seier Heggø.

Partiet er kritiske til at regjeringa avslutta kompensasjonsordninga utan ein plan for ny nedstenging, på tross av at ei ny smittebølge var venta. Mange bedrifter har venta på økonomisk støtte sidan september. 

– For mange bedrifter begynner det no å bli kritisk, når pengar gjennom ei ny støtteordning tidlegast kjem i januar, seier Heggø. 

– I tillegg har ikkje regjeringa gjort noko for å lage ei meir treffsikker kompensasjonsordning, som til dømes å gi støtte til lønnskostnadar eller ta omsyn til bedrifter som kan vere nedstengde grunna lokale smittevernstiltak.

Tysdag la Arbeiderpartiet fram desse forslaga på Stortinget: 

  • Stortinget ber regjeringa gjennomføre tiltak som gir tilgang på kortsiktig likviditet i påvente av utbetalingar frå den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet og ein eventuell tilskotsordning for bedrifter som er hardt råka av lokale smitteverntiltak. Det vert spesielt bede om at lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter vert utvida slik at det kan garanterast for 100 prosent av lån som forskotterer kompensasjon gjennom lånegarantiordninga. Slike lån skal tilbakebetalast kort tid etter at kompensasjon er mottatt.

  • Stortinget ber regjeringen opprette ei omsetningsbasert tilskuddsordning for bedrifter som er hardt råka av lokale smitteverntiltak og blitt pålagde å stenge eller utsett for andre svært inngripande lokale tiltak. Tilskotet vert betalt ut etter søknad og rekna som ein del av omsetninga for fjoråret i den perioden tiltaka varer. For bedrifter som ikkje var starta på samme tidspunkt året før, vert tilskotet rekna med utgangspunkt i alternative utrekningsmetodar. Ordninga kjem i tillegg til den generelle kompensasjonsordninga. Det skal settast eit tak per mottakar slik at det er dei små bedriftene som vert prioriterte. Det skal òg settast krav til at mottakarar av støtte ikkje kan utbetale utbytte, bonusar, auke leiarlønningar eller seie opp tilsette i ein gitt periode. 

  • Les òg: Desse kvinnene hadde størst inntekt i Sogn
Til toppen