Regjeringa vil avvikla postomdeling på laurdagar

Regjeringa vil avvikla postomdeling på laurdagar

Regjeringa føresler å avvikla omdelinga av post på laurdagar. Samstundes skal Posten sikra laurdagsdistribusjon av aviser.

  • Endret

– På laurdagar vert det delt ut 75 prosent mindre post samanlikna med dei andre fem vekedagane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Med så små volum og så store faste kostnader, er det naturleg å gå vekk frå postomdeling på laurdagar, legg han til.

Sikrar laurdagsaviser

Forslaget til ny postlov blei sendt ut på høyring i fjor haust, og fredag blei det lagt fram i statsråd.

Solvik-Olsen viser til at kjøpet av posttenester frå Posten Norge blir redusert med rundt 400 millionar kroner viss laurdagsomdelinga blir avvikla.

Samstundes vil regjeringa sikra distribusjon av aviser seks dagar i veka.

– Me har stor respekt for at laurdagsavisa er ferskvare og vil sikra at Posten står for laurdagsdistribusjon av aviser på stader der det ikkje er eigne avisbod, seier statsråden.

Fri konkurranse

Samstundes inneberer regjeringas forslag til ny postlov at EUs tredje postdirektiv vert innført.

Det inneberer fri konkurranse på levering av alle brev og pakker. I dag er det fri konkurranse for pakker og brev over 50 gram, medan Posten Norge har einerett på å levera brev med vekt inntil 50 gram.

– Konkurranse er sunt. Posten Norge har vist seg svært konkurransedyktig på den opne marknaden, seier Solvik-Olsen.

Han viser til at digitalisering snarare enn konkurranse frå andre selskap er den største utfordringa for Poste Norge.

– Folk flest, næringsliv, kommunar og staten sender stadig færre brev, seier samferdselsministeren.

I forslaget til ny postlov tar regjeringa også til orde for å etablera eit klageorgan, der forbrukarane og småbedrifter kan klaga på posttenester. (©NTB)

Til toppen