LØYVER PENGAR: Regjeringa foreslår å bruke 1.125 milliardar kroner på å oppgradere og modernisere Førde sentralsjukehus i perioden 2017-2025. Foto: Sogn og Fjordane Høgre. 
LØYVER PENGAR: Regjeringa foreslår å bruke 1.125 milliardar kroner på å oppgradere og modernisere Førde sentralsjukehus i perioden 2017-2025. Foto: Sogn og Fjordane Høgre. 

Regjeringa vil bla opp for sentralsjukehuset

Regjeringa foreslår å bruke 1.125 milliardar kroner på å oppgradere og modernisere Førde sentralsjukehus i perioden 2017-2025. 

Førde: Det kunne stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) fortelje onsdag. Sjukehuset er frå 1979 og ber preg av at det er så gamalt. No skal sjukehuset fiksast og byggjast ut. 

– Eg er svært glad for ar regjeringa følgjer opp utbyggingsplanene for sentralsjukehuset til Helse Førde. Dette vil kome pasientane i heile Helse Førde til gode, og det vil legge til rette for ei heilt nødvendig oppgradering og ei sterk satsing på psykisk helsevern. Dette vil også legge til rette for å oppfylle målsettingane med pasientens helseteneste, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding.

Planen for ut- og ombyggjing vart vedteken av Helse Førde i fjor og stadfesta i Helse Vest. Bakgrunnen for planen er ei endring i demografien fram mot 2030, der ein vil få fleire eldre. Dette vil verke inn på behovet for spesialisthelsetenester.

Oppgraderinga av sjukehuset i Førde inneheld eit nytt bygg for psykisk helsevern. Nybygget skal innehalde lokale til barne- og ungdomspsykiatri, ny poliklinikk, nye døgntilbod og betre tilhøve for akuttpsykiatrien.

Ombyggjinga inkluderer også ombyggjing av sengeareal inkludert bad, etablering av observasjonspost, meir areal til poliklinikkrom og behandlingsrom og auka kapasitet for dagbehandling. Dagens areal til voksenpsykiatri skal bli bygd om til sjukehushotell og kontor for administrasjonen.

– Eg er veldig glad for at vi får denne investeringsramma til Helse Førde. Dette vil hjelpe vårt helseføretak i åra framover, og viser at Regjeringa er opptekne av å styrke helsesektoren, seier Lars-Svein Drabløs (FrP).

– Dette er fantastiske nyheiter for Helse Førde og Sogn og Fjordane, og noko det har vore jobba både mykje og lenge for. Eg er svært glad for positive signal om lånemidlar slik at vi kan arbeide vidare med å lage ei endå betre og meir pasientnær spesialisthelseteneste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier adm. direktør Jon Bolstad.

Til toppen