SYSSELSETJINGSPAKKE: Regjeringa la onsdag fram sitt forslag til statsbudsjett for 2016 som inkluderte ei 4 milliardar kroner dyr sysselsetjingspakke. Foto: Rune Kongsro.
SYSSELSETJINGSPAKKE: Regjeringa la onsdag fram sitt forslag til statsbudsjett for 2016 som inkluderte ei 4 milliardar kroner dyr sysselsetjingspakke. Foto: Rune Kongsro.

Regjeringa vil bruke 4 milliardar på sysselsetjingspakke

Regjeringa vil bruke 4 milliardar kroner på tiltak for å auke sysselsetjinga. Tiltaka er spesielt retta mot område som er råka av lågare vekst.

Årdal/Lærdal: – Me er opptekne av å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Tiltakspakka omfattar tiltak i fleire sektorar. Det vert sett av 2,5 milliardar kroner til vedlikehald og rehabilitering av sjukehus, skular og andre offentlege bygg, samt vegar jernbane, ifølgje regjeringas forslag.

Det vert foreslått å bruka 589 millionar kroner på tiltaksplassar for ledige. I tillegg ønskjer regjeringa å bruke 1 milliard kroner til innovasjon forskning og etableringstilskot.

Auka bevilgingar til vedlikehald av Sjøforsvarets fartøy, forskningsfartøy og auka tilskot til istandsetjing av verdeverdige fartøy vil bidra til auka aktivitet i verftsindustrien, heiter det i ei pressemelding frå Finansdepartementet. (©NTB)

Til toppen