REGIONREFORM: Større einingar med fleire oppgåver er oppskrifta frå regjeringa som vil erstatte dei 19 noverande fylka med 10 regionar.​ Foto: Flickr/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
REGIONREFORM: Større einingar med fleire oppgåver er oppskrifta frå regjeringa som vil erstatte dei 19 noverande fylka med 10 regionar.​ Foto: Flickr/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil erstatte fylka med ti regionar

Større einingar med fleire oppgåver er oppskrifta frå regjeringa som vil erstatte dei 19 noverande fylka med 10 regionar.

Sogn: Kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H) la tysdag fram stortingsmeldinga om inndeling og oppgåver for dei nye regionane. Han var langt tydelegare i det ønskte talet på «om lag ti», enn på kva slags konkrete oppgåver dei nye regionane skal ha.

– Dei noverande fylkeskommunane har gått ut på dato, seier Sanner, og strekar under at større regionar også skal få større ansvar for samfunnsutviklinga. Dei skal kunne løyse oppgåver som femnar vidare enn det kommunar og fylke gjer i dag.

Han strekar under at det ikkje er regjeringa som skal teikne det nye kartet over regioninndelinga, og at talet ti ikkje er absolutt hogd i stein. Men det er først med rundt ti einingar at regjeringa seier seg villig til å overføre fleire statlege oppgåver til dei nye regionane.

Stortingsmeldinga tek regjeringa til orde for at dei ti regionane skal få nye oppgåver på fleire område. Det skal vurderast om enkelte vegstrekningar skal omklassifiserast til regionalt nivå. Regionane kan få ansvar for tilskot til private lufthamner og ansvar for å byggje ut digital infrastruktur.

Regjeringa føreslår også at dei nye regionane skal få nye oppgåver innan kulturminnevern, kultur, næringsutvikling og friluftsliv.

Til toppen