Nils Magne Gjengedal seier at dette er ei viktig sak som vil råke dei geografiske vanskelegaste områda i fylket mest i forhold til sentrale landbruksområde. 
Nils Magne Gjengedal seier at dette er ei viktig sak som vil råke dei geografiske vanskelegaste områda i fylket mest i forhold til sentrale landbruksområde.  (Foto: privat)

Regjeringa vil fjerne midlar til veterinærvakt – Det svekkar sikkerheitsnettet til bonden

Det seier Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag i ei pressemelding.

– Dersom Monica Mæland endrar veterinærtilskuddet, risikerer vi at det kan bli vanskeleg, kanskje umogleg, å få tak i veterinær i store delar av landet, seier Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, i ei pressemelding. 

Kommunalminister Monica Mæland foreslår å gå vekk frå å øyremerke midlar til veterinærvakt i kommunane, og legge midlane inn i kommunane si rammefinansiering.

– Forsvinn øyremerkinga så handlar det ikkje berre om pengar, men også om organiseringa av heile ordninga, seier Gjengedal i pressemeldinga. 

Sett i skvis

Gjengedal meiner at dette er ei viktig sak som vil råke dei geografiske vanskelegaste områda i fylket mest. Totalt tapar fylket med øyar og store avstandar, i høve til sentrale landbruksområde. 

– Det set bøndene i ein skvis, og er svært problematisk for dyrevelferda. Det svekkar sikkerheitsnettet til bonden, seier han.

Ynskjer å oppretthalde dagens ordning

– Dagens ordning fungerer etter tilhøva bra. I dag tek ordninga omsyn til reiseavstandar og dyretal i kommunane.  Landbruksdirektoratet koordinerer utbetalingane til kommunane, og midlane er øyremerka, seier han.

Ved å fjerne øyremerking av midlar til veterinærvakt skjer to ting fortel Gjengedal.

– Finansieringa vert endra og midlar vert flytta til område med mindre husdyr. I tillegg vil noverande organisering opphøyre. Det vil vere ein risiko for å å øydelegge ei ordning som fungerar, og som er med på å sikra god dyrevelferd.

Vil fordele midlar etter folketal

– Kommunane har lovpålagt plikt til å sørge for tilstrekkeleg veterinær vaktberedskap. Dagens vaktdistrikt er etablert på grunnlag av dyretal og køyreavstandar, og den fungerer.

No foreslår Mæland å anten fordele midlane etter folketal, eller etter ein landbruksnøkkel som ikkje tek omsyn til om landbruksverksemda har husdyr. 

– Om det vert gjort vil pengar gå til meir sentrale jordbruksområde. 

Til toppen