HØGARE STRAUMREKNING: Regjeringa vil avvikle ordninga med nettleigeutjamning til straumkundar i grisgrende strøk. Dei må rekne med høgare straumrekning om framlegget til statsbudsjett blir vedtatt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HØGARE STRAUMREKNING: Regjeringa vil avvikle ordninga med nettleigeutjamning til straumkundar i grisgrende strøk. Dei må rekne med høgare straumrekning om framlegget til statsbudsjett blir vedtatt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Regjeringa vil fjerne nettleigeutjamning

Regjeringa vil avvikle ordninga med nettleigeutjamning til straumkundar i grisgrende strøk. Dei må rekne med høgare straumrekning om framlegget til statsbudsjett blir vedtatt.

Sogn: Utjamningstilskotet har gradvis vore trappa ned dei siste åra og er i år på 20 millionar kroner. Neste år vil altså regjeringa fjerne tilskotet heilt, skriv Teknisk Ukeblad.

Regjeringa grunngir framlegget med eit ønske om strukturendringar, det vil seie færre og større nettselskap, «som har bedre forutsetninger for å tilby kostnadseffektiv drift, god forsyningssikkerhet og kvalitet i tjenesten».

Framlegget fell ikkje i god jord i Distriktenes energiforening (Defo), som heller hadde sett ein auke i løyvinga til ordninga.

– Viss ein har eit ønske om at kundane skal ha ein tilnærma lik tariff i Noreg, meiner vi det burde ha vore løyvd 60 millionar kroner til utjamningsordninga. Det hadde vore eit viktig bidrag til kundane i dei områda i Noreg der det er dyrast og mest utfordrande å drive straumverksemd, seier dagleg leiar Knut Lockert i Defo til Teknisk Ukeblad.

No håper han at Stortinget sikrar at det framleis blir pengar til utjamning av nettleige.

– Dette er ei billig ordning som gir mykje utjamning for pengane, seier Lockert. (©NPK)

Til toppen