Fylket: Fredag legg regjeringa fram ein heilskapleg plan om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo.
– Dei som ønskjer utflytting, kjem til å bli positivt overraska, seier ei sentral kjelde til Aftenposten.
Planen som blir presentert fredag, dreiar seg både om etablering av nye arbeidsplassar utanfor Oslo og utflytting av ei rekkje eksisterande – og tilsette i alt frå NVE til Fredskorpset vil bli berørt.
Ifølgje NRK vil det kome rundt nye arbeidsplassar til Førde frå begge desse.
Etter det avisa erfarer skal kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) ha ønskt å leggje fram ein plan om utflytting av 600 arbeidsplassar, medan Venstre skal ha hatt 1.000 som mål. Ingen kjelder ønskjer å konkret røpe talet til Aftenposten, men etter det avisa erfarer er det snakk om mange hundre.
Flytteplanen er ein direkte konsekvens av eit kompromiss mellom Venstre og regjeringspartia frå i fjor vår. Då støtta Venstre ei omlegging av inntektssystemet til kommunane mot eit løfte om å få flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo.
Etter det Aftenposten erfarer, vil regjeringa fredag både opplyse om kva etatar som blir berørt og varsle ein del konkrete utflyttingsforslag.
(©NPK)