FRITAK: Regjeringa vil endre eigedomsskattelova og foreslår at kommunane skal kunne frita hytter og fritidsbustadar frå eigedomsskatt.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FRITAK: Regjeringa vil endre eigedomsskattelova og foreslår at kommunane skal kunne frita hytter og fritidsbustadar frå eigedomsskatt.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Regjeringa vil gi hytter fritak for eigedomsskatt

Regjeringa vil endre eigedomsskattelova og foreslår at kommunane skal kunne frita hytter og fritidsbustadar frå eigedomsskatt.

Årdal: Når kommunane skriv ut eigedomsskatt i heile kommunen, må dei også inkludere fritidsbustadar. Men ved å gi fritak for fritidsbustadar vil kommunane kunne leggje betre til rette for hytteutbygging, med ringverknadar for det lokale næringslivet, fastslår regjeringa i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett onsdag.

– Endringane vil gi meir fleksibilitet til kommunane og ei gradvis innfasing av eigedomsskatt for dei som eig bustadar og fritidsbustadar, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Regjeringa foreslår også at kommunane må bruke lågaste skattesats når dei utvidar skatten til også å gjelde bustadar og fritidsbustadar.

Eigedomsskatten skal vere 2 promille det første året kommunen skriv ut eigedomsskatt. Seinare kan den aukast gradvis til maksimalt 7 promille. Satsen kan likevel vere inntil 7 promille allereie frå første år kommunen skriv ut eigedomsskatt på annan eigedom, presiserer Finansdepartementet og viser til at det for eksempel ikkje er uvanleg at kommunar som har hatt eigedomsskatt på «verk og bruk» , utvidar eigedomsskatten til å omfatte også bustadar og fritidsbustadar.

Regjeringa meiner dagens reglar kan medføre ein for brå økonomisk belastning for eigarar av både bustadar og fritidsbustadar.

Endringane blir foreslått å tre i kraft 1. januar 2017. (©NPK)

Til toppen