Regjeringa vil ha produksjonsavgift i oppdrettsnæringa – droppar grunnrenteskatt - Porten.no
:
AVGIFT: Produksjon av laks, aure og regnbogeaure vil få ei produksjonsavgift på 40 øre per produsert kilo fisk i forslaget frå regjeringa.
AVGIFT: Produksjon av laks, aure og regnbogeaure vil få ei produksjonsavgift på 40 øre per produsert kilo fisk i forslaget frå regjeringa. (Illustrasjonsfoto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Regjeringa vil ha produksjonsavgift i oppdrettsnæringa – droppar grunnrenteskatt

Den føreslegne produksjonsavgifta skal sikre 500 millionar kroner ekstra til kommunane.

Oslo: Finansdepartementet skriv i ei pressemelding tysdag at regjeringa føreslår å innføre ei produksjonsavgift på laks, aure og regnbogeaure i statsbudsjettet for 2021. 

Avgifta skal setjast til 40 øre per kilo produsert fisk. Dette vil gje om lag 500 millionar kroner årleg i auka inntekter til kommunesektoren frå og med 2022. 

Forslaget om overskotsbasert grunnrenteskatt, som havbruksskatteutvalet føreslo i haust, er droppa. 

Inntektene frå avgifta vil gå inn i Havbruksdfondet og skal fordelast etter ei kvar tid gjeldande fordelingsnøkkel til havbrukskommunane og fylkeskommunane. 

Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier i pressemeldinga at havbruksnæringa bidreg med betydeleg verdiskaping og sysselsetting langs kysten og at regjeringa ønskjer å leggje til rette med gode og føreseielege rammevilkår. 

Noreg er ein av få stader i verda der klima- og naturforhold legg til rette for effektivt oppdrett av laks i sjøen. 

– Difor er det naturleg at ein del av avkastinga går til fellesskapet gjennom ei produksjonsavgift, seier Sanner. 

Skal erstatte salsinntekter frå nye løyve

Regjeringa føreslår at produksjonsavgifta erstattar delar av delen kommunane har fått av salgsinntektene frå nye løyve i næringa, som dei har fått gjennom Havbruksfondet sidan 2017. 

I tillegg er det lagt opp til at habvbrukskommunane og fylkeskommunane skal få 25 prosent av inntektene frå framtidige sals- og auksjonsinntekter frå havbruksløyve. Dei resterande 75 prosenta går til staten. 

Regjeringa føreslår at kommunesektoren får tilført éin milliard kroner kvart år i åra 2020 og 2021 gjennom Havbruksfondet. 

– No får kommunane som bidreg til å leggje til rette for havbruk ei meir stabil og føreseieleg produksjonsavgift, i tillegg til ein del av framtidige auksjonsinntekter. Forslaget balanserer omsynet til næringa og inntekter til havbrukskommunane, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Til toppen