FRITT SKULEVAL: Regjeringa skal torsdag føreslå fritt skuleval i alle fylker i Noreg.
FRITT SKULEVAL: Regjeringa skal torsdag føreslå fritt skuleval i alle fylker i Noreg. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Regjeringa vil innføra fritt skuleval i alle fylker

Per no er det opp til kvart fylke om dei ønskjer fritt skuleval for vidaregåande skule. Regjeringspartia føreslår å fjerne den retten.

Noreg: Torsdag frontar regjeringspartia to forslag for fritt skuleval, melder VG

– Det er viktig å sikra at alle elevar, uansett kva fylke dei bur i, får større muleghet til å velja kva for vidaregåande skule dei vil gå på, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til VG.

I dag er det fritt skuleval i Sogn og fjordane og Hordaland fylker. I samanheng med regionreforma, skal Vestland andre fylker ta stilling til inntakssystema for vidaregåande skule på nytt.

Sanner seier at det ikkje er politikarane eller foreldra si bustadadresse som skal avgjera kva skule 16-åringane skal gå på. 

– Det skal elevane ha rett til å velja sjølve, seier han. 

Sanner meiner at dei nye forslaga vil ivareta ein desentralisert skulestruktur. 

Skulebyråd for SV i Oslo, Inga Marthe Thorkildsen, seier til VG at ho meiner det er opp til fylkene å bestemma løysingane, og at regjeringa sitt nye forslag overstyrer lokaldemokratiet. 

Til toppen